Teori og praksis

Share

Klargjering før skitur. Foto: Marja-Leena Steinbru

Klargjering før skitur. Foto: Marja-Leena Steinbru

I slutten av januar hadde vi språkkafé om ski og friluftsliv på Frivilligsentralen i Valle. Marja-Leena Steinbru hadde tromma saman ressurspersonar som Gunnar Brottveit, Ragnar Aspholm og Monique Vatsend Jore og vi hadde nokre fine timar saman.

Tirsdag 1. mars var det tid for praksis. Etter ei veke med strålande solskin var det no blitt gråver, men forventningane var likevel store. Gunnar og Ragnar var med, i tillegg kom Anne Liv Lidtveit frå Valle IL og Sondre Rua Dokken frå DNT Sør med som instruktørar, så Øystein og Marja-Leena hadde gode hjelparar.

I går var alle tilbake på skolen, smilande og vel nøgde, det hadde vore ein fin tur. Det var vanskeleg å halde balansen, ein del knall og fall hadde det vore, men det hadde vore moro likevel. Sjølv godt kladdeføre kunne ikkje redusere gleda over å ha vore med på dette, og sjølv om eg nok høyrde kommentaren «Første og siste gong på ski for meg», så høyrde eg også dei som sa at dei gjerne ville tilbake til Brokke om høvet baud seg.

Samarbeidet med Frivilligsentralen er verdifullt for vaksenopplæringa. Denne gongen fekk dei både teori og praksis i høve til eit tema som er svært sentralt i Setesdal vinterstid. Møte med gode frivillige hjelparar er godt for elevane våre anten det gjeld skigåing eller håndarbeid, og etter kvart som språket kjem på plass, vil dei og kunne yte tilbake noko til lokalmiljøet gjennom eigen frivillig innsats.