Setesdal og setesdølar 2016

Share
Knut på Bø, Magnhild Rygg og Andres Helle med det ferdige heftet.
Knut på Bø, Magnhild Rygg og Andres Helle med det ferdige heftet.

Tysdagskvelden var Bjarne Tveiten i Valle Radio og fortalde om årets utgåve av Setesdal og setesdølar. Han hadde med årsskriftet og vi fekk ein triveleg prat om ein nydeleg publikasjon.

Heftet er på 120 sider. Dei siste sidene i heftet er annonsar, og Bjarne Tveiten takka annonsørane. -Dei gjer at vi kan halde ein pris på 100 kroner, sa han. Deretter gjekk han gjennom heftet bakfrå. Eg vil heller starte med første artikkelen, den handlar om Jernvinna i Setesdal. Bjarne Tveiten har skrive den, og han fortalde at grunnen til at den står først i heftet er at det fylgjer eit kronologisk opplegg der det eldste kjem først. Han berømma og Hans Georg Kohler for dei flotte illustrasjonane i heftet.

Olav M. Holen har siste del av ein artikkel om Ljosådalen og Tor Moseid har eit interessant stykke om Kopargruve ved Kveasåne i Valle. Vi finn og ei interessant forteljing om korleis ei drift med dyr gjekk frå Valle til Bås i Åmli i år 1900. Bjarne Tveiten gjekk spesielt inn på artikkelen om Støylsliv på Frøysnesheia, den er skriven av ungdomsskuleeleven Johans Frøysnes i lag med bestefaren. Bjarne ville gjerne at fleire unge vart med i Setesdal sogelag og interessert i historie.

Sigrid Bjørgum sin artikkel om sauealsstasjonen på Uppstad handla om noko som var ukjent for Bjarne Tveiten. Den er interessant å lese, det er til og med teke med ei ættebok frå sauesjået i 1943.

Ein av dei store artiklane i heftet handlar om Heiberg og Heibergheiane. Det er Magnar Undheim som har skrive den, han var Sirdal Fjellmuseum og kjenner stoffet godt. Herdis Lien, som er konservator på Svalbard museum har skrive om Bjåen-karane. Ho hadde eit par artiklar om dei i Setesdølen i fjor, men dette er ein ny og større artikkel. Bjarne Tveiten fortalde at dei hadde hatt med seg elleve isbjørnungar heim til Bjåen etter ein vinter på Svalbard.

Den siste artikkelen er det Johnny Haugen som har skrive. Den er erindringsminne basert på samtalar med sjømannen Grunde J. Skomedal, som busette seg i Australia.

Heftet har noko for folk både nord og sør i Setesdal og kan kjøpast på dei fleste butikkar i Setesdal. Det fortener mange lesarar.