Ei stille helg

Share

 

WashingtondekretetDenne helga har vore ei stille helg for meg. Eg valde å bli i Valle ettersom Reidun reiste til Ålesund sist sundag og ikkje kjem tilbake til Mandal før tysdag.

Eg les på Setesdalswiki om alt eg kunne vore med på i Setesdal denne helga. Både i Valle og andre stader var det mange arrangement. Det er greitt å få oversikt på Setesdalswiki, datoartiklane der prøver å fange opp arrangement både nord og sør.

Eg valde å halde meg heime og heller få lese ut ei bok eg hadde lånt. Den var tjukk og ikkje heilt lett å kome gjennom, men samstundes fascinerande. Washingtondekretet av Jussi Adler-Olsen skildrar situasjonen der USA går over til å bli ein politistat. Det er rystande lesnad og minner oss om kor godt vi trass alt har det i eit fungerande demokrati. Nå kan eg få levert henne tilbake og dermed sikre påskekrim for ein annan lånar på biblioteket.

Av og til vart lesinga avbroten av skiskyting. Ein må jo få med seg det som skjer, men eg toler ikkje å høyre så lenge på radiosporten. Makan til gaping og skriking skal ein leite lenge etter. Gull er flott, men skrikinga frå reportarane kan vekke gråstein.