Lerkå og vibå og eg

Share
Den tidlegare organisten i Hå og Bryne fotograferte desse krokusane. Foto: Brit Obrestad
Den tidlegare organisten i Hå og Bryne fotograferte desse krokusane. Foto: Brit Obrestad

I kveld låner eg eit dikt av Brit Obrestad til bloggen. Ho lagar nydelege tekstar som fleire godt kan få del i. Og så tek ho nyedlege bilete. Her er diktet:

i går høyrde eg lerkå og vibå, så nå kan me:
Spela på lag
Nå er me
på lag
lerkå, vibå og eg

endeleg kom
solå fram og sa;
nå er våren her

nå kan me
jubla i lag
lerkå, vibå og eg
nå skal me
lovprise våren
og nyte
kvar solstråle
og alt som
spirer og gror

alle vakre
blomar og
fuglesong

tenk –
”nytt liv
av daude gror”

nå gløyme me
mørke og
tunge tankar
som har vore
og strekkjer
oss framover
mot vår og sommar

Brit, 15.03.08