Årsmøte i Valle Radio

Share
På kveldens årsmøte i Valle Radio var frå v. styremedlem/sekretær Kåre Rike, leiar Ørnulf Hasla, nestleiar Britta Lise Homme og varamedlem Rolf Erik Homme.
På kveldens årsmøte i Valle Radio var frå v. styremedlem/sekretær Kåre Rike, leiar Ørnulf Hasla, nestleiar Britta Lise Homme og varamedlem Rolf Erik Homme.

I kveld var det årsmøte i Valle Radio. Møtet vart halde på Sølvgarden. I år var det på vanleg tid, til skilnad frå i fjor, då møtet der ein handsama 2014 ikkje vart halde før 1. september i 2015. Ørnulf Hasla vart vald til møteleiar og Harald Haugland til referent.

I fjor var det mest dobbelt så mange som møtte opp, heile 17. I år var vi bare 9, men det skuldast nok ikkje at interessa for radioen er liten, for årsmeldinga for 2015 fortalde om nye medarbeidarar og god driv. I fjor vart det kommentert ekstra om tekniske problem og sendingane på burmesisk, det vart kommentert i år også, denne gongen at sendingane på burmesisk ikkje kom i gang att etter sommarferien og at vi hadde tekniske problem med ising på Løefjødd som vart ordna. Men årsmeldinga vart godkjent med akklamasjon, det same vart rekneskapen for 2015, sjølv om vi dette året måtte sjå eit underskot på åtti tusen kroner, noko som mellom anna skuldast at vi ikkje lenger fekk husleigetilskot etc frå kommunen. Deler av dette er no kome på plass att, så vi vonar at det rettar seg for neste år. Årets inntekter var på 305.000, utgiftene på 385.000.

Vala vart og gjennomførde med akklamasjon. Dei styremedlemene som var på val var Jørund Georg Jore og Kåre Rike, leiar Ørnulf Hasla og varamann til styret Rolf Erik Homme. Frå valet i fjor står Britta Lise Homme og Helge Homme. Til valnemnd vart Ronny Stavsholt og Øyvind Jacob valde. Revisor Hallvard Holum vart og attvald.

Etter at dei ordinære årsmøtesakene var over, var det som vanleg ein samtale om laust og fast. Det kom opp forslag om å lage eit radiofond som kan gje radioar til eldre som ikkje likar at ein må bytte kanal for å høyre Valle Radio, då dei ikkje finn tilbake til P1. Styret arbeider vidare med saka. Så gjekk møtet vidare med samtale til Sølvgarden sin velsmakande pizza før vi braut opp klokka 20.15.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *