Bare ei sending denne veka

Share
Han ventar på påskesendingane, og gler seg til morgondagens program i Valle Radio. Tor Brokke tok dette biletet av ein tiur som ikkje ville sleppe folk forbi seg då Hylestad skule hadde skidag i dag.
Han ventar på påskesendingane, og gler seg til morgondagens program i Valle Radio. Tor Brokke tok dette biletet av ein tiur som ikkje ville sleppe folk forbi seg då Hylestad skule hadde skidag i dag.

Denne veka vart det inga tysdagssending. Kvelden i studio vart brukt til å lage opptak til reklamen som skal brukast til påske, det er spesiallaga reklame til påskesendingane i Valle Radio. Styret har hatt god hjelp av flinke folk, så når du les dette, er nok det meste av planane for påskesendingane skjærtorsdag og 1. påskedag i boks.

Men i morgon er det onsdagssending i Valle Radio. I utgangspunktet var eg sett opp til å ha ansvar denne kvelden, men eg var glad for at Siri Johannessen ville ta ansvar då det synte seg at eg måtte på eit møte. Ho har vore vikar for meg eit par tysdagskveldar og legg mykje innsats ned for å få til eit godt program. Onsdagsprogrammet ser slik ut:

Onsdag 16. mars
Ansvarleg: Siri Johannessen
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt frå 20.30: Ingeborg Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Nyberg Lund
20.00 Aktuell time
21.00 Opi sending med Jorunn og Kåre
*Nettradio: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
I den aktuelle timen har Siri fått med seg Jon-Rolf Næss frå Regionrådet, folk frå politiet, Ragnar Aspholm og prost Gunnar Ellingsen, så det blir ein interessant time med noko for alle, hadde eg tenkt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *