Britta Lise vann

Share

Det vart ei spesiell oppleving for folka i Valle Radio si påskesending då trekninga vart gjort. Til vanleg brukar ein å ringe vinnaren, men denne gongen var det unødvendig, for ho sat i studio og var programleiar. Ikkje rart at ho vart mållaus og fekk hakeslepp, ho hadde kjøpt 20 lodd.

Planen var at Britta Lise som programleiar skulle lese opp vinnarane etter trekninga. Men det kvidde ho seg for, likevel vart det slik, etter det eg skjønar på ein artikkel i Agderposten i kveld.  http://www.agderposten.no/nyheter/programlederen-vant-selv-forstepremien-1.1514199

Du må inn på Facebooksida til Valle Radio for å lese dei andre vinnarane. Etter kvart vil alle vinnarane få tilsendt gåvekorta og alle loddkjøparane få faktura på kjøpet. Så er det bare å betale og sjå glad ut fram til neste påske. Då kjem det nye sjansar og nye premiar.

I alt kom det inn 255.000 kroner på påskebasaren i år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *