Drivkraft og nyskaping

Share
Kay Jeiskelid fekk Setesdalsprisen 2015. Ingebjørg Godskesen delte ut prisen og Signe Sollien Haugå passa på at alt gjekk rett for seg. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen
Kay Jeiskelid fekk Setesdalsprisen 2015. Ingebjørg Godskesen delte ut prisen og Signe Sollien Haugå passa på at alt gjekk rett for seg. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen

Setesdalskonferansen 2016 har tema Drivkraft og nyskaping. Den går av stabelen om vel ein månad, 14. og 15. april. I år vert konferansen på Hovden.

Du har nok alt lese i Setesdølen at Google-sjefen i Norge kjem til konferansen. Han heiter Jan Grønbech og er sitert med dette i programmet: -Det er ikkje nok med digital effektivisering og det å vere synleg på nett. Skal kommune, fylke, bedrift eller organisasjon lukkast, må dei finne svaret på kvifor dei eksisterer​! Det er eit kupp for Setesdalskonferansen å ha fått han til å halde foredrag, for til vanleg held han ikkje foredrag. Bare å få høyre han burde vere god nok grunn til å melde seg på.

Konferansen har både nasjonale og lokale tema. Blomster-Finn er første mann ut i år etter at Jon-Rolf Næss har ønska velkommen. I programmet er Finn Schjøll introdusert slik: Gjør som mora di sier! «Egentlig er det jo absurd at lille jeg, som er en ganske alminnelig blomsterdekoratør fra Horten, skal stå der og preke moral. Hvis vi hadde hørt på mora vår da vi var små, så hadde det ikke vært nødvendig.»

Dei andre inspiratorane på konferansen er meir lokale. Vi får besøk av Sveinung Hovstad, fersk direktør i Innovasjon Norge og Stein Gauslaa, tidlegare redaktør i Agderposten. Fleire andre lokale vil og ha innlegg.

I år prøver vi oss på ein ny vri og inviterer til speed-date der vi får snakke med andre firma i Setesdal. Det kan gje nye kontaktar for alle. Under festmiddagen om kvelden blir det utdeling av Setesdalsprisen. Fristen for å kome med forslag er vel ute no, det blir spennande å sjå kven juryen landar på i år. Det blir og utdeling av ein gründerpris, det vert siste post på programmet, men alt torsdagen skal nokre av gründerane presentere prosjekta sine.

Påmeldingsfristen er 1. april, men det er ingen grunn til å utsetje det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *