Eldtopp

Share

ildtopp

Sjølv om eg ikkje kunne ha ansvar i Valle Radio i kveld, nytta eg høvet til å ringe inn svar på ein rebus. Det var Jorunn og Kåre som hadde opi sending, og lammesteik var svaret på ein av rebusane. For dette fekk eg ein eldtopp, den gav eg vidare til Siri, som tok på seg å vere kveldsansvarleg for meg. Det gjekk fint, ho hadde gode gjester og aktuelle tema.

Eg var på eit møte i Utdanningforbundet der temaet var pensjon. Vi var over 20 på møtet, lærarar frå Bykle og Valle. Bykle Hotell serverte god middag, deretter heldt Brit Bugge Mjåvatn eit informativt og engasjerande foredrag der ho tok opp mange spørsmål som er aktuelle i samband med temaet. For oss som er komne godt opp i åra er det kanskje ikkje så viktig som for dei unge, for dei må gjere nokre val, og jo tidlegare dei gjer dei, dess betre kan pensjonisttida bli.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *