Gevinst

Share

Sist veke hadde det vore ei nabojente på  døra med loddbok. Vi kjøper lodd når folk kjem på døra og spør, tanken er vel at når vi kjøper av dei som kjem til oss, vil kanskje vi få avsetning på lodd når vi har ei loddbok ute.

Som regel gir ikkje slike loddkjøp nokon gevinst. Før jul har eit av korpsa i Mandal ein adventskalender med lodd. Dei heldige nummera kjem i avisa Lindesnes kvar dag, og Reidun trålar henne i håp om at nummeret i vår kalender skal bli trekt ut. Det er 24 ingen gevinst i desember. Ein kan misse motet av mindre.

Det er forståeleg at vi ikkje vinn i Lotto, for der kjøper vi ikkje nummer. Difor er det lett å skru av TV når Lotto-trekniga kjem. Men i lokale utlodningar oppgir vi telefonnummer og håpar å få ein etterlengta telefon ein kveld.

Den kom måndag i denne veka. Vi hadde vunne eit kilo reker. Dei kunne hentast på Fiskelaget i Mandal, og i går var Reidun innom og fekk gevinsten.

Å gå på rekekalas utan Reidun kan eg ikkje tenkje meg, eg må ha nokon til å renske dei fleste for meg. Om eg skal gjere det sjølv, vert det lite å leggje på brødskiva. Men er vi saman, kan vi nyte det, ferske reker er jo nydeleg.

Så då eg kom heim i dag, var det pynta med snøklokker frå hagen, reker på bordet saman med Fiskelaget si nydelege fiskesuppe. Eit herremåltid. Ein fredagskveld.

Reker gevinst

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *