Kvinnelege organistar

Share
Den tidlegare organisten i Hå og Bryne fotograferte desse krokusane. Foto: Brit Obrestad
Den tidlegare organisten i Hå og Bryne fotograferte desse krokusane. Foto: Brit Obrestad

Temaet til Niklos K. Besteland sitt Postludium-program tysdag 8. mars var kvinnelege organistar. Det er eit tema eg kan ein del om, eg har ei syster som er organist i Lyngdal, eit syskenbarn som var organist i Hå og Time (der spelte ho for Jens Bjelland, som var prest i Valle før han kom til Time) og ei svigerdotter som var organist i Gjerdrum og no har eit vikariat i Ørsta.

Niklos sine kvinnelege organistar var Marie Ducrot og Gillian Weir. Ducrot var fødd i Belgia i 1919, men budde i Laon i Frankrike frå tidleg barndom. Ho tok til som korelev i katedralen der som 11-åring og vart seinar organistvikar der. Sidan var ho elev av Jean Langlais i Paris før ho vart organist i Laon. Ho døydde i 2001. Ho spelte inn mange plater, og i tysdagsprogrammet hadde Niklos funne eit stykke av Buxtehude og to av Langlais med henne ved orgelet i Laon.

Den andre organisten er svært pro filert. Gillian Weir vart fødd på New Zealand i 1941. Ho vann fleire konkurransar som ung og fekk dermed stipend. Ho har særleg promotert Messiaens orgelverk og spelt dei inn på plater og gjeve konsertseriar med hans musikk. Tysdagskvelden spelte ho Pastorale i E-dur av César Franck.

Ettersom vi hadde litt ekstra tid, fann vi Bine Bryndorf, fødd 1969 i Helsingør, til slutt. Ho har gjort karriere i Danmark og vore artist in residence i Danmarks Radio. I Valle Radio har ho vore med fleire gonger, denne gongen med Buxtehudes Ein feste Burg, BuxWV 189.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *