Minneord

Share
Foto frå obituary-sida hos byrået som stod for gravferda.
Foto frå obituary-sida hos byrået som stod for gravferda.

Når ein kjem litt opp i åra, vert minneord noko ein ofte tek seg tid til å lese. Eg er ikkje noko unntak, mange gonger tenkjer eg at det einaste som var verd å lese i dagens nummer av Aftenposten, var minneorda og fødselsdagsomtalane. Det kan nok ha samanheng med at eg ser om det er noko som kan danne grunnlag for ein artikkel på Wikipedia. Men det kan og skuldast at ein der får interessante glimt av levd liv.

Ved gravferd heiter det at ein skal ha eit kort presentasjon av livet til den som er død. Oftast er det vel presten som held den. Då har han samarbeidd med familien om å få fram det som er aktuelt å seie. Ofte kan dei som er i gravferda få ny informasjon om ein gamal ven i slike minnetalar.

Difor skulle eg ønske at dei vart publiserte slik at dei som ikkje var i gravferda kunne få del i dei. Eg er rimeleg sikker på at om minneorda vart publiserte på kyrkja si heimeside på Facebook, ville mange fleire fylgje kyrkjesida. Alternativt kunne ein ha ei eiga heimeside med minneord. Det har mange gravferdsbyrå skjøna, så dei lagar ofte ei minneside når dei har ansvar for gravferda.

I USA er alt dette sett i system. Der har dei store avisene folk som jobbar med minneord, obituaries, som dei kallar det. Gravferdsbyråa legg ut detaljerte minneord på sidene sine. Diane «Lusignan» Sundby delte dette minneordet med facebookgruppa Bilder av Bykle og Valle i gamle dager. Slik fekk eg grunnlag for å skrive om Selmer Holen (88), son til ein utvandra byklar, som vart gravlagd i går i Theif River Falls, Minnesota, eit av dei norskaste områda i heile det store landet.

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *