Norsk-amerikanarar

Share
Hallvard M. Holen og kona Gyro
Hallvard M. Holen og kona Gyro. Frå Ingejørg Vegestog Homme si samling

I dag har eg arbeidd noko med artiklar om byklarar på Setesdalswiki. Då er Heimar og folk i Bykle god å ha. Der kan ein finne litt informasjon om folk som for lengst er gått ut av tida. Ettersom bøkene ligg på Internett, på Lokalhistoriewiki, er dei lette å få tak i også.

Ideelt sett skulle ein kunne oppdatere artiklar der også, til dømes når ein person døydde. Det har eg gjort nokre gonger. I går kom eg over eit minneord om ein norsk-amerikanar med røter i Bykle som var død. Eg burde sjølvsagt skrive det inn i Heimar og folk i Bykle, og eg kjem vel til å gjere det. Men først ville eg lage ein artikkel om han på Setesdalswiki.

For å få til det likar eg å ha ei rød lenke å ta utgangspunkt i, og då måtte eg skrive nokre artiklar for å få den røde lenka på plass. Eg måtte gå frå ein nolevande byklar og bakover i tid til eg kom til norsk-amerikanaren sine besteforeldre, deretter kunne eg skrive om son deira, Hallvard M. Holen (1880-1968), som utvandra i 1900, kom tilbake til Norge etter 19 år og fann seg kone som han tok med til USA. I morgon kjem artikkelen om son hans som døydde i 2016 i Thief River Falls. Over 50% av dei 8573 som bur der, reknar seg som norsk-amerikanarar. I følgje Wikipedia held produsenten av Arctic Cat snøscootarar til her.

Setesdalswiki er nettstad for Setesdal og setesdølar, men også for dei som utvandra, om vi lukkast å få informasjon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *