Påskebesøk 2016

Share

Før påske fekk eg ein telefon frå søster mi, Solvor. Ho kunne fortelje at eit søskenbarn skulle bu på hytte på Tregde Feriesenter i påska. Då var det naturleg å sende ei melding og invitere dei innom, siste halve året har eg vore saman med dei to gonger i samband med gravferd. Påskegjestene frå Brevik reiste om kvelden skjærtorsdag og langfredag var det folka frå Nittedal som sette nasen heimover, så no var det god plass i stova att.

I kveld fekk vi så besøk. Dei hadde ikkje vore hos oss før, så det var jo naturleg å oppdatere dei litt på korleis vi har det, dei kjem frå gard på Varhaug og var interessert i kva driftsbygningen vår no vert nytta til. Men den er full av ingenting, det er sikkert 30 år sidan det var dyr der. Over kaffekoppane gjekk praten livleg.

Dei hadde nytta tida i Mandal godt, dei hadde både vore til masta på Kvistedalsheia og hatt ein rundtur på Skjernøya i området der det nyleg var grasbrann. Eg hadde lova at Margunn skulle få sjå rådyr om ho kom på besøk, men no har det vore veker utan rådyr på jordet utanfor huset. I kveld dukka det opp eit par, akkurat slik at dei kunne få sjå dei, betre kunne det vel ikkje gjerast.

På veggen hos oss er det bilete av barn og barnebarn, så då var det naturleg å snakke litt om dei. Vi har og eit bilete frå slektstevnet vi hadde med over hundre deltakarar for ein del år sidan. Då kom Margunn Sofie på at det kunne vore interessant å samlast, alle etterkomarane etter Selma og Hans, mine besteforeldre på mor si side. Det kunne blitt ein stor flokk, det og.

Vi måtte leite fram boka Røtter på Skjernøy som vart laga til slektstevnet for etterkomarar etter Reidun sine oldeforeldre. Margunn meinte at vi kanskje kunne ha det slektsstevnet i 2017, vi treng nok eit år til å førebu det. Kanskje er ikkje Figgjo, der Selma budde rett stad, for no er det ingen etterkomarar med tilknytning til Figgjo. Kanskje kunne Varhaug vere ein betre stad, der bur i alle fall mange etterkomarar.

Slik sat vi og snakka saman utover kvelden. Vi måtte jo og ta eit bilete frå samlinga, Margunn hadde kamera med sjølvutløysar og stativ, så ho fokuserte, knipsa, sprang og sette seg på fanget mitt før biletet vart teke. Så sende ho det til meg så eg kunne legge det ut på bloggen. Dermed kan eg dele det med dykk som les bloggen. Det er sikkert mest aktuelt for slekta, men vener likar jo å sjå kva vener held på med, så eg tenkjer at det høver for dykk alle.

God påske frå Tregdeveien 285

Foto: Margunn Sofie Hetland
Foto: Margunn Sofie Hetland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *