Påskeegg

Share
Påskeegg i Valle sentrum. Foto: Harald Haugland
Eitt av dei mange påskeegga i Valle sentrum heng på stolpen utanfor Coop Valle. Foto: Harald Haugland

Eg trur det var i går at Valle sentrum plutseleg var forandra. På stolper og vegger hang fint malte «påskeegg». Det var så mange at vi kunne ikkje unngå å legge merke til dei. Alle hadde ulike motiv. Det var ikkje ordentlege egg, men plater med oval form. Etter det eg har fått vite, er det barnehagen som har hatt eit prosjekt etter oppfordring frå Valle Sentrumsforening.

Egg som påskesymbol (Frå artikkelen om påskeegg på nynorsk wikipedia):
Egg er eit urgammalt symbol for nytt liv og grøde. Verda blei skapt eller klekt frå eit egg i fleire opphavsmyter, og egg er tradisjonelt blitt gjevne som gåve til nyfødde. Den gule plomma i egget kan stå for sola som gjev varme og liv om våren. Våren er også årstida då fuglar legg egg, og var tradisjonelt tide då høns tok til å verpa igjen etter vinteren.
Egg er blitt brukte i samband med vårhøgtider frå gammalt av, mellom anna i gammal slavisk tradisjon, der pynta egg fungerer som ein slags talisman for det nye året, persisk nyttår, der farga egg står som symbol for verda og lukke, og jødisk pesah, der ein dypper eit hardkokt egg i saltvatn under sedermåltidet som symbol på nytt liv og på feiringa i Tempelet i Jerusalem.
Den kristne kyrkja hadde også tidleg eit forbod mot å eta egg under fasten, eller i det minste den stille veka. Egg som blei lagde i denne tida blei tekne vare på og ofte pynta, til dømes farga raude, til minne om blodet Jesus ofra på krossen eller som eit uttrykk for gleda over oppstandinga hans. Med sitt løfte om liv innanfor skalet har egg i kristen tradisjon blitt ståande for gjenoppståinga til Jesus. Dei tre elementa — skal, plomme og kvite — som utgjer eit egg er også blitt sett på som eit symbol for treeininga.

Ein tanke om “Påskeegg”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *