Påskesang

Share
Johan Nordal Brun på eit maleri i Domkirken i Bergen. Foto: Wikimedia Commons
Johan Nordal Brun på eit maleri i Domkirken i Bergen. Foto: Wikimedia Commons

Dette var tittelen på eit program i Valle Radio i går kveld. Då fortalde eg om Johan Nordahl Brun basert på Ivar Holsvik si bok Salmediktere i våre salmebøker frå 1950.

Brun var fødd på gården Høyem i Byneset i Trondheim 21. mars 1745. Han vaks opp i Klæbu og fekk si første undervisning heime hos mor si, 11 år gammal hadde han lest heile Bibelen to gonger. Sidan kom han til latinskolen i Trondheim og fekk Gerhard Schøning til lærar. 18 år gamal kom han til universitetet i Købehavn, der tok han 2. eksamen året etter, så han må ha vore både ein flink og flittig student.

Så måtte han reise heim og vere huslærar, ein fattig student hadde ikkje råd til å fullføre studia i dei dagar. Etter å ha vore huslærar i tre år, fekk han høve til å fullføre teologisk embetseksamen. Så heldt han fram med å vere lærar ei tid før han vart privatsekretær for biskop Gunnerus. På eit opphald i Købehavn saman med han skreiv Brun For Norge, Kjempers Fødeland. Men den nasjonalsangen er gått meir og mindre i gløymeboka, det er påskesalma Jesus lever, graven brast som er sangen av Brun som har overlevd tida sin slitasje.

Johan Nordahl Brun vart residerande kapellan i Byneset i 1772, men det var ei stilling med lita løn, så han søkte Vår Frue etter at han hadde gifta seg med kvinna han venta på i 12 år. Den fekk han ikkje, i staden vart trønderen sendt til Bergen i 1774 som sokneprest i Korskirken. Der vart han verande resten av livet. I 1804 vart han utnemnd til biskop i Bergen, der var han til han døydde 26. juli 1816.

Jesus lever, Graven brast,
Han stod op med Gudoms Vælde.
Trøsten står som Klippen fast;
at hans Død og Blod skal gjelde.
Lynet blinker, Jorden bæver,
Graven brast og Jesus lever.

Wikipedia siterer Francis Bull om salma: Salmen kalles av litteraturhistorikeren Francis Bull for «høidepunktet i Bruns digtning, – og i norsk salmedigtning overhodet». Bull karakteriserer salmen slik: «Her er en koncentreret kraft, som ikke var set i vor poesi siden eddakvadenes tid, en række kort tilhugne sætninger, og en mesterlig stigning: Lynet blinker, jorden bæver, graven brast og Jesus lever».

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *