Takksam

Share

untitled

Eg sit med Setesdølen som kom ut etter påske. Folkemylder utan ulukker er ei av overskriftene. Med rekordmange på tur i fjellet denne påska er det ikkje registrert ei einaste alvorleg ulukke i distriktet vårt, held avisa fram.

Då tenkjer eg at det er grunn til å vere takksam. Samstundes tenkjer eg at vi ofte ikkje er så takksame, eg synest å minnast at i påska var det eit oppslag i media om at barn i Romania var meir nøgde enn norske barn, noko som vart forklart med at dei som har mykje, vil alltid ha meir.

Media likar helst å fortelje om konflikter og problem. Difor er det ikkje særleg mykje å finne av takksame folk på Dagsrevyen ein kveld. Som oftast kjem slike reportasjar som kuriositetar på slutten av sendinga. Tru korleis det ville vore om ein hadde ein slik gladrevy, der vinklinga var at det var mykje å takke for og å vere glad for. Ville folk skrudd av, tru. Er det blitt slik at vi må ha det triste og konfliktfylte i staden for det glade og harmoniske.

Eg meiner jo ikkje at vi bare skal ha det, men i verda er det jo mykje av begge deler. Noko av grunnen til at Facebook har blitt så populært, er at ein der kan dele noko av det gode ein opplever, anten det er mat eller dyr, fuglar, blomar eller venner og familie.

Mest av alt har den som trur, grunn til å takke for påskens ord om at Han er oppstanden. Vi som fekk høyre Oddvar Søvik fortelje om Linkledet i Torino i Valle Radio tysdagskvelden fekk eit sterkt vitnemål om «Hva min frelse kostet har» som det heiter i salma. Det skulle i alle fall gje grunn til takk og glede.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *