Vestsida

Share

I kveld var Fånefjellstunnelen stengd, så eg måtte kjøre vestsida av Byglandsfjorden då eg skulle nedover etter årsmøtet i Utdanningsforbundet Valle. I annonsen stod det at tunnelen skulle vere stengd mellom 18 og 20, men ein hyggeleg mann frå Rune Hodne stoppa meg ved Storestraumen då klokka var nesten 21 og sa at dei framleis heldt på å rydde etter øvinga dei hadde hatt der, så eg måtte bare svinge til høgre og kjøre vestsida.

Den vegen er smal og svingete, det blir ei utfordring å kjøre der når Fånefjellstunnelen skal oppgraderast, slik det var omtalt i tysdagsavisa.

Men sjølv om den er smal og svingete, er den idyllisk og vakker, og det er plassar der som ein godt kunne ha ei hytte på, noko som vel kanskje er grunnen til at det er ein del hytter langs fjorden på vestsida. Så får det våge seg at ein ikkje kjem like fort fram som på austsida, for mange stader må ein stoppe for å sleppe møtande trafikk forbi, eg trur vegen er smalare enn Brokke-Suleskar-vegen mange stader.

Som oftast er det bare ein transportetappe å køyre vestsida. Men om ein tek det som ein tur, stoppar, finn fram termosen og drikk kaffe, kan ein nok ha ein ganske roleg pause samanlikna med korleis det vil vere på rasteplassane på austsida. Og når sommaren kjem, er det idylliske badeplassar for den som er på leiting etter slike.

Vestsida er altså vel verd ein tur når ein har tid og vil nyte naturen.

Utsyn over Byglandsfjorden frå Sines og sørover. Foto: Geir Daasvatn
Utsyn over Byglandsfjorden frå Sines og sørover. Foto: Geir Daasvatn

Digitale perspektiv

Share
Den digitale utviklinga når det gjeld mobiltelefonar har vore rask og sterk. Foto:Wikipedia Commons
Den digitale utviklinga når det gjeld mobiltelefonar har vore rask og sterk.
Foto:Wikipedia Commons

For meg var Setesdalskonferansen i år atter ein gong eit møte med digitale perspektiv på framtida. Heilt frå eg var på den første konferansen i 2009 har dette vore eit viktig tema i ulike samanhengar. For meg førte det til at eg no i sju år har arbeidd med Setesdalswiki, eit digitalt leksikon som vart starta i april 2009.

I år var det sjefen for Google i Norge, Jan Grønbech, som hadde dei lengste digitale perspektiva. Han har jobba med Google i elleve år og før det var han med på å starte Schibsted si satsing på Internett.

Det som kanskje overraska meg mest i det han sa, var at han peika så sterkt på mobile plattformer. Du som høyrde Valle Radio i går, fekk og høyre det. Han fortalde at vi er kopla på Internett i mange former alt no, og eg kjende meg jo att i det, for eg har både smartphone, nettbrett, bærbar datamaskin og stasjonær PC og brukar alle saman. Slik sett er eg vel meir enn gjennomsnittet aktiv digitalt.

Grønbech fortalde vidare at det særleg er mobil bruk av data som veks. Folk har smartphone, og då surfar dei når dei har ei ledig stund. Kanskje på bussen heim, i alle fall folk som bur i byar kan det. Vi som må køyre sjøl, bør jo ikkje surfe medan vi køyrer. Så kjem vi heim, og det er då vi bestiller varene. Difor undra det han at så få norske firma hadde tilpassa nettsidene sine til mobile plattformer, som han kalla det. Dei er jo ikkje like desktop-plattforma som vi har på PC.

Det gav meg noko å tenkje på. Setesdalswiki er jo ikkje tilpassa mobiltelefonen. Wikipedia har eit format som vert tilpassa den plattforma som vert brukt. Eg lurer difor på om også Setesdalswiki bør få eit slikt format og kva som skal til for det.

Desse tankane kom alt i innleiinga til foredraget hans. Det var mykje meir i det foredraget som ein kunne reflektere over, men det får eg gjere ein annan kveld.

Helselagsarbeid

Share

Valle og Hylestad helselag feira 90-årsdagen sist veke. Då dukka prologen som Ingebjørg Rike skreiv til 50-årsjubileet opp. Ingebjørg Sagneskar Austenå las han opp på festen. Eg skal kome tilbake til helselagsarbeid i ein seinare blogg. Men prologen deler eg med dykk i kveld:

Solkverv

Prolog til 50-årsfesten i Valle Helselag

Av Ingebjørg Rike

I dag let me tankane vende tilbake
Eg trur eg vil kalle det eldgamle dage.
Femti år er so uendeleg lenge
Tenk på den velstand me no heve fenge.

Det var kje så rart her i dalen den tida,
Me såg då så jamleg at folk måtte lida
Når sjukdomen sneik seg i heimane inn.
Framkomst og helsestell var ikkje bare
Tenk berre på dei som i hast laut av garde
For all denne liding eg ord ikkje finn
Dei kom ikkje fram på to timar som nå
I snøføykja augna dei slett inga råd
Og døden var vissaste vegen
Det hendte so tidt når bilen stod fast
At livstråden slitna og auga det brast
So var det å snu med den kjære
Snu heimatt med sorga den svære.

So ha me ein del som var einsame gamle
Som stridde åleine i sjukdom og sut.
Dei ha’ inga hand til å hjelpe i nauda
Or uføret fann dei kje ut –
Det var berre liggje og vente på døden
Einaste denne dei hjelpte i nøden
Å du for ei tilstand det var
Då myrkret låg over vår dal.

Men so kom den tida då sola seg vende
Og hjelpa me fekk i dei strålar ho sende.
Eit helselag fekk me i sving
Om dette slo alle ein ring
Og ofra det vesle me kunne
På børa me lyfte uppunde.
Og sidan det smertefritt gjekk.
Omsider ei syster me fekk
Som rekte dei sjuke ei hjelpande hand
Og vyrde kje slitet eit einaste grand.

Frå Bjåen til Besteland – milin er lange
Strabasan vorte bå vonde og mange.
Sykkel og spark – og på apostlanes hesta.
Slik framkomst dei stakkaran ofte laut mestra
Dei vyrde ingen ting og alt kom i sving
Når dei sine sjuke fekk gjesta.

Løna for slitet var skral denne tida
Kommuen og staten dei let okko bia
Det vart berre skjervar frå Per og Pål
Og basaren ha me kvart einaste år.
Og dette laut rekkja til løna.
For få noko meir var kje bøna
Eg trur ikkje løna i månen rakk hundre
I dag må me berre sitja å undre
Koss i all verda det gjekk
At systrar me verkeleg fekk,
Men åra hev sikla å runne
Over kneiken hev me no vunne
Å du for ein framgang i dalen.

I skulen der gjord dei bå vaska og bala
Or skolten med tett-tinda kambar dei hala
Ein masse av gnagande troll.
Eg frys i min kropp når eg tenkjer attende
Men gled meg dess meir – no når sola seg vende
Og grøda gav tusenvis foll.

Me takkar av hjarta dei fyrste som våga
Seg ut på så bårutt eit hav.
Um bylgjone braut, heldt dei trufast i åra,
Og båten sokk alli i kav.

Ein del er blitt borte og søv i si grav
Me minner dykk alle for alt det de gav
Eit vemod vil på okko strøyma
Nei aldri so kan me dykk gløyma.

I dag me festar – og det med glede
Me skulle plent om vår framtid kvede.
No hev me fenge so vent eit bygg
Oppi Leitestykket der ligg han trygg.

Der samlar me alle gamle – sjuke
Der vert dei stelte med henda mjuke
Gode mat’e – og medisin
Og atmosfæren er rein og fin.

Der kjem ein masse og for dei spelar
Og syng og talar – til dei som tvilar
Her får dei mat, bå for kropp og sjel
Sjølv døden synest kje vere fæl.

I dag me takkar bå kar og kvende
Som stod ved roret og stormen vende.
Men ein ting vil eg få rope ut:
Den største takken gjev me til Gud.

Valle Radio i veke 17, 2016

Share
Jan Grønbech på Setesdalskonferansen 2016. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen
Jan Grønbech på Setesdalskonferansen 2016. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen

Tre dagar utan blogg i slutten av forrige veke. No må eg skjerpe meg litt. Men bare litt.

Onsdag er det kommunestyremøte. Det betyr at tysdagskvelden kan brukast til aktuelle saker. I tillegg sender vi klokka 19 foredraget Jan Grønbech heldt på Setesdalskonferansen 2016. Grønbech er sjef for Google i Norge. Ørnulf Hasla tok det opp, så no kan de som ikkje var der, men som gjerne skulle vore der, få høyre det han delte med dei hundre deltakarane på konferansen.

Jan Grønbech er ein doldis som ikkje har fått artikkel på Wikipedia, men på Setesdalswiki er det ein artikkel om han. Klikk på namnet hans om du vil vite meir. Her er lenke til powerpointen som han nytta under foredraget: Disrupt or be disrupted

Her er programmet for denne veka i Valle Radio:

Tysdag 26. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Disrupt or be disrupted. Digitale perspektiv frå Setesdalskonferansen 2016
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 27. april 
 
Teknikar: Inga Flateland
18.00 Kommunestyremøte
*Valle Radios blogg: http://blog.setesdalswiki.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Kan Riksveg 9 bli Nasjonal turistveg?

Share

Setesdølen sin journalist var ikkje på Setesdalskonferansens første dag på Hovden sist torsdag. Men fredag var han der, noko som førte til at tysdagsavisa hadde eit oppslag om at NHO-direktør Siri Mathiesen var imot å arbeide for å få heilårsveg over Brokke-Suleskar. Ho ville prioritere Gul stripe til Hovden og meinte at slagordet burde vere Gul stripe til Haukeli. Då ville Ankeret bli komplett, E18 austover, E39 vestover og Rv9 nordover frå Kristiansand.

Om Ole Birger Lien hadde vore til stades torsdagen, kunne han fått ei anna vinkling på oppslaget relatert til veg i avisa. For torsdagen hadde Laura Christina Brøvig Vallenes eit innlegg der ho slo eit slag for å prøve å få Riksveg 9 til Nasjonal turistveg.

Korleis ville ho gjere det?

Ho er kunstnarleg ansvarleg i LOOP by LAURA, eit prosjekt som planlegg å plassere kunst på rasteplassar og andre stader langs Riksveg 9 på ein måte som gjer at vegen blir Norges kunstveg. Ho tenkjer seg installasjonar så vel som biletkunst og ser for seg at den kan stå i tre til fem år, og så blir den skifta ut og nye kunstnarar får prøve seg.

Den som kjører Riksveg 9, har god tid og auge for det litt spesielle, vil ha mange opplevingar. Ho har teke nokre bilete og lagt dei ut på bloggen sin. På Setesdalskonferansen utfordra ho bedriftsleiarar til å bli med i prosjektet, til å ta kontakt med henne om dei hadde idear, så kunne dei sjå kva dei kunne få til i fellesskap. Tidlegare hadde ho vore med på ein USUS-konferanse om reiseliv på Hovden, då fekk ho konferansens største klappsalvar for ideane sine. 

Ho har fått støtte frå Statens Vegvesen, som gjerne samarbeider om å utvikle prosjektet. Utan støtte til ideen frå dei, ville det jo ikkje kunne realiserast.

LOOP by LAURA presenterer ideen om Riksveg 9 som Norges kunstveg. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen/Setesdalskonferansen
LOOP by LAURA presenterer ideen om Riksveg 9 som Norges kunstveg. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen/Setesdalskonferansen 2016

På strak arm

Share
Utsikt frå Leite i Valle 20. april 2016. Foto: Britta Lise Homme
Utsikt frå Leite i Valle 20. april 2016. Foto: Britta Lise Homme

I kveld måtte teknikar Siri Johannessen ta ansvar også som programleiar. Det var Liv Tanche-Larsen som skulle hatt kveldens program, men ho har vore sjuk, så ho måtte kaste inn handkledet.

Men i løpet av kort tid hadde Siri funne nok stoff til at ho kunne legge ut dette programmet på Facebooksida til Valle Radio:

Program onsdag 20.04.16
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
19:00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19:30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Nyberg
20:00 Siris time
For full musikk med polarsand frå Nomeland:
-Bygland Hornmusikk bles i mai og Bygland – konsert i kjømda Uttrykksikonet smile
-Steinar Nomeland frå Nomeland Anlegg om varm sand og gründerpris
-Kong Hanes eftf. blir ikkje berre på Grensa til allsang – dei kryssar grensa til Valle – Hege Jore Gakkestad om generalprøva og meir til.
-Erik Røysland frå countryrockbandet 4 weel dryve frå Indre Agder som nett slapp debutalbumet.
21.00 Opi sending med Siri Johannessen og Jorunn Lund Harstad
‪#‎valleradio‬
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

Det vart ein triveleg kveld i radioen med mange telefonar frå lyttarar, til og med utan telefonvakt, Jorunn tok telefonane sjølv. Ofte sluttar vi sendinga klokka 22.30, men i kveld sa dei ikkje god natt før klokka 22.50. Då var det med ein sang og Ole og Silje Huleboer.

Vinnarane av rebusløysingane var:
Pauline Åmlid/Tone Marie Straume, Tora Åkre Lund, Inga Flateland,
Gunnar A Helle, Oddvar Lund og Ingebjørg Vegestog Homme.

Vel blåst, vil eg seie.

Valle Radio tysdag 19. april 2016

Share
Same dag som Astrid Nomeland fortalte at Ingvard Wilhelmsen skal kome til Valle 28. april, var han gjest hos Torp på NRK. Foto: Else Gyro Rysstad
Same dag som Astrid Nomeland fortalte at Ingvard Wilhelmsen skal kome til Valle 28. april, var han gjest hos Torp på NRK. Foto: Else Gyro Rysstad

I kveld var det igjen tid for tysdagssending i Valle Radio. Som vanleg var Siri Johannessen med som teknikar. Her er programmet:

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Sangkveld
19.20 Carl Fredrik Wisløff taler
20.00 Valle Sparebank
20.30 Postludium
21,00 Kyrkjebakken
Det var Margit Hunemo som hadde andakt i serien Over ein open Bibel. Deretter hadde eg ein interessant samtale med Astrid Nomeland om to arrangement som ho er involvert i komande veke. Først er det neste tysdag i Hylestad kyrkje. Då kjem Donnie Sax Sanders og Viggo Wilhelmsen for å ha konsert. Donnie Sanders har vore i Hylestad kyrkje ein gong før og det var ei oppleving, sa Astrid, som gledde seg over at dei no skulle kome tilbake. Det andre arrangementet er neste torsdag. Då inviterer Diakoniutvalet til ein kveld med professor emeritus Ingvard Wilhelmsen, hypokonderlegen. Han er ein humørfylt foredragshaldar. I kveld var han gjest hos Torp, så det var godt tima å ha omtale av programmet i Storstoga i neste veke.
Astrid vart også med i sangkvelden, då vi spelte meir av Donnie Sanders før Carl Fredrik Wisløff slapp til med ein tale om møtet Jesus hadde med mannen som var født blind.
Etter ein samtale med Vidar Homme i Valle Sparebank var det tid for postludium, der eg presenterte to komposisjonar av Leif Solberg, organisten og komponisten frå Lillehammer som døydde i januar, 101 år gammal.

Vitamininnsprøyting

Share
Plakaten til Sveinung Hovstad om Strategiske budskap.
Plakaten til Sveinung Hovstad om Strategiske budskap.

Torsdag i sist veke var eg på Setesdalskonferansen. Der var Sveinung Hovstad, den nye direktøren i Innovasjon Norge Agder også. Han er frå Grendi og bur i Grimstad.

Setesdalskonferansen er jo mest for næringslivet. Eg har fått vere med på grunn av min tilknytning til Valle Radio, der eg jo var leiar ein periode. Ettersom Ørnulf Hasla, som no er leiar, har si eiga bedrift, har eg fått halde fram også etter at eg slutta som leiar i radioen. Det er eg takksam for, kontaktar eg har fått på Setesdalskonferansen har gitt grunnlag for mange innslag i radioen.

Sveinung Hovstad si vitamininnsprøyting handla om korleis Innovasjon Norge fungerer og prioriterer. Dei rettar støtte til næringslivet til 1) Gründeraktivitet 2) Vekstbedrifter 3) Næringsklynger (bedrifter som konkurrerer og samarbeider).  Eit viktig omgrep i vurderinga er bærekraft, bedrifta må både kunne overleve og også ha sterkt fokus på miljø.

Medan det før var sterkt fokus på distrikt, Innovasjon Norge er ei vidareføring av Distriktsutbyggingsfondet og fleire andre distriktsvennlege tiltak, er fokus på dette redusert, no tenkjer ein meir nasjonalt, så bedrifter i distrikta må også søke på nasjonale midlar.

Innovasjon Norge har nokre fokusområde som dei prioriterer. Det er rein energi, bioøkonomi, helse/omsorg, havrommet, smarte samfunn og turisme/kreative.

Ein av plakatane hans handla om at strategiske budskap gir retning:

  1. Vi skal presentere områder hvor Norge har internasjonale konkurransefortrinn
  2. Vi skal prioritere utfordrerne og nye globale vekstbedrifter
  3. Vi skal styrke entreprenørskapskultur og samarbeid for å skape framtidens jobber
  4. Vi skal utvikle en sterk nasjonal merkevare for økt konkurransekraft
  5. Vi skal utløse verdiskaping basert på regionale fortrinn
  6. VI skal gi råd og kunnskapsgrunnlag om fremtidsrettet innovasjons- og næringspolitikk

Sveinung Hovstad var også leiar av juryen for tildeling av gründerprisen på 50.000 kroner. Den gjekk til Nomeland Anlegg for oppfinninga av polarsand.

 

Snooker

Share

I helga starta VM i snooker, og dermed er ein gammal mann hekta framom TV. Eg skulle jo gjerne sett Ronnie O» Sullivan sin første kamp, men då måtte Eurosport sende billøp, så det fekk vi ikkje sjå. Det er ille, synest eg, den mest TV-profilerte snookerspelaren er sett opp på eit tidspunkt som kolliderer med alle andre sportsprogam på TV, som då vinn kampen om skjermen.

Men vi fekk jo nokre fine kampar med andre spelarar, og det var moro å sjå McGill slå ut Shaun Murphy. Det var helst ein skrell, men godt spel vinn over ein som ikkje har sin beste dag ved snookerbordet.

Dessverre fekk eg ikkje med meg kampen i kveld, då måtte eg gå i bilen og ta turen til Valle. Men eg gleder meg alt til neste helg, då er det nye kampar, VM i snooker går heilt til 2. mai.

Shaun Murphy ved snookerbordet i Berlin 2015, noko betenkt. Foto:  „DerHexer, Wikimedia Commons, CC-by-sa 4.0“
Shaun Murphy ved snookerbordet i Berlin 2015, noko betenkt.
Foto: „DerHexer, Wikimedia Commons, CC-by-sa 4.0“

Stimulerande

Share

Så er Setesdalskonferansen over for i år. Den hadde overskrifta drivkraft, og dette vart belyst frå ulike vinklar for næringslivsleiarar og andre deltakarar både torsdag og fredag.

Det starta med Finn Schjøll som bandt blomar og fortalde om drivkrafta han hadde hatt gjennom livet. -Er du en rotekopp, så blir det rot, sa han. Eg noterte også eit anna sitat: -Man må kle seg for suksess om man skal få suksess. Då konferanseleiar Styrk Fjærtoft Trondsen spurte han kva som var drivkrafta hans, sa han at han syntest det var moro med mennesker.

I dette innlegget på bloggen kan eg ikkje ta med alle programpostane, men eg opplevde innslaget Skapande skallar som svært positivt. Her fekk nokre av gründerane i Setesdal presentere ideane sine. Det gjekk ganske så fort, men her er lista:

Stine Prøitz Jørgensen på Hovden har firmaet s.grims og driv med visuell kommunikasjon.

Elisabeth Spockelie har starta Valle sport samlokalisert med Bergtun drive av Laila Johnsen Kjær.

Arne Bakke og Frode Kirkedam har starta Bratt friluftsliv.

Jarle Torkildsen i Naturexpo har saman med Per Axel Johannson starta Elgtun

Vidar Mortensen har saman med Åsulv Tønnesland starta SunSense på Hornnes

Kjell Rune Heia har starta Skild

Alle desse presenterte seg på konferansen, det var inspirerande å oppleve, og ved avslutninga av konferansen fekk Nomeland Anlegg gründerprisen for oppfinninga av polarsand, eit produkt som kan redusere bruken av salt på vegane om vinteren og dermed spare miljøet. I tillegg fekk Valle Sparebank Setesdalsprisen 2016, så det var mange høgdepunkt under konferansen.

I tillegg samla konferansen over 100 deltakarar, særleg mange var til stades første dag. Det er det største deltakartalet vi har hatt. Og det var samrøystes at konferansen bør arrangerast også neste år.

Eg starta med å fortelje at Blomster-Finn bandt blomar. Det var inspirerande då han gav dagleg leiar i Setesdal Regionråd, Signe Sollien Haugå, ein gigantisk bukett og gratulerte henne med 50-årsdagen hennar 4. april. Deretter bandt han ein noko mindre bukett og gratulerte Ingreid Eieland Flåt med hennar 50-årsdag den dagen konferansen starta, 14. april.  Å sjå kvarandre og å setje pris på kvarandre er viktig for inspirasjon.