Ingen aprilspøk

Share

Det var ingen aprilspøk i Valle Radio i år, så vidt eg veit. Men både Setesdølen og Evje og Hornnes kommune hadde brukt fantasien, avisa med eit oppslag om at Bygland kommune kjøpte Tesla til kommunetoppane, noko som var ganske truverdig når ein ser ladestasjonane utanfor Glashytta.

Evje og Hornnes hadde ein på kommunen si heimeside om at det var blitt semje med Bygland om kommunesamanslåing med senter på Byglandsfjord, det nye rådhuset skulle vere ei utrangert oljeplattform som Statoil gir bort gratis, den skulle fraktast med helikopter i modular frå Nordsjøen til Revsnes Hotell og setjast opp utanfor hotellet, med bru ut til plattforma. Eg trur dei hadde stor glede av å fabulere om korleis dette skulle bli, Det skulle haldast ei militærøving for å gjere det, noko som Donald Trump skulle gjere gratis når han vart president om han bare fekk ei statue på toppen.

Programmet i Valle Radio denne kvelden var det Øyvind Jacob som var ansvarleg for. Han hadde med seg Siri Johannessen som teknikar. Og Siri har bursdag 1. april, dermed kom Øyvind, Signe og Sondre med bursdagssang live på radioen for henne og med kake til teknikaren.

19.00 Musikkprogram med eit lite bidrag frå Asbjørn Kvalbein (Norea radio)
19.30 Regionrådet informerer med Signe Sollien Haugå
20.00 Øyvinds time
– Om påska som var, og påska i høve til filosofi og astronomi.
– Nytt musikkalbum frå Runar Granheim
– Setesdalskonferansen
21.00 Opi sending med Sondre Rua Dokken