Litt av eit ras

Share
Slik såg raset ut frå Reiårsfossen Camping. Foto: Knut William Bygland
Slik såg raset ut frå Reiårsfossen Camping. Foto: Knut William Bygland

Onsdag 30. mars 2016 gjekk det eit ras på vegen mellom Åraksbø og Ose, tvers overfor Osefiti. Det var litt av eit ras, og vegen er vel stengd på ubestemt tid. Det må nok geologar til for å finne ut om det rotne berget har meir som er laust.

Veterinær Olav Robstad var bare 200 meter unna då raset gjekk, så han fekk panoramautsikt til hendinga, sa han til Setesdølen.