Søndagstur

Share
Glimåkra kyrka. Foto: David Castor/Wikimedia Commons
Glimåkra kyrka. Foto: David Castor/Wikimedia Commons

Søndagar er det tid for ein søndagstur. I dag var eg først i Kina og såg snooker, så innom ei sangglad og god besøkt Glimåkra kyrka i Sverige på gudsteneste før eg hadde ein lang sykkeltur i Flandern i lag med 200 proffsyklistar og ein million tilskodarar rundt løypa. Kor mange som likt meg var på tur frå sofaen er det ikkje godt å seie, men det var nok fleire millionar i mitt selskap.

Men i kveld var eg aleine i bilen på veg frå Mandal til Valle. Det er ein tur på nesten tjue mil, og då er radioen godt selskap. Som oftast er det p2 som fylgjer meg på turen, eg har ikkje fått DAB enno, så p1 sin sport og musikk svingar eg innom av og til, men det meste av tida er det p2.

I kveld fekk dei som høyrer på Radiodokumentaren klokka 2103 høyre om korleis Natt-tjenesten i Oslo har det ei vinternatt. Med 19 minusgrader og 15 heimebesøk hadde sjukepleiar Trine Lise nok å gjere då ho starta runden klokka 22. Vi fekk høyre litt om dei folka ho besøker og jobben som vert gjort utover natta, som oftast aleine, men og saman med ein annan sjukepleiar der det var naudsynt. Om natta møtte pasientane stort sett dei same folka, på dagtid var det ein som hadde hatt over 200 innom for å stelle han i løpet av nokre år. Når ein høyrer slikt, tenkjer ein at det kanskje ikkje er så heilt enkelt å bli gammal og trenge hjelp.

Samstundes tenkte eg på Britta Lise i Valle Radio som har ein tilsvarande jobb i heimesjukepleien i Valle. Trine Lise i Oslo ville ha ein 4-hjulstrekkar på vinteren, det har sikkert Britta Lise og, for her er det no minst like vanskelege kjøreforhold som i Oslo. Dei kjører nok lenger i Valle, men kjenner eg situasjonen rett, er dei like velkomne som dei vi høyrde om i programmet frå Oslo. Nattens englar vart dei kalla.

Når p2-Dokumentaren er ferdig, går det mot nyheter klokka 22 og då skiftar eg til p1, for etter nyhetene kjem Salmer til alle tider med Kjetil Lillesæter og ein gjest. Der kan eg få tips til noko eg kan dele med lyttarar i Valle Radio i tysdagskveldens sangkveld.

Og så er eg framme i Valle og kan setje meg til datamaskinen og skrive kveldens blogg.