Erik Petri

Share

Erik Petri var ein kunstmålar som måla i Setesdal før 2. verdskrigen. I tysdagssendinga 5. april 2016 snakka vi med Leonhard Jansen på Setesdalsmuseet om han. Museet har eit bilete av han, dei skal ha ei utstilling på Bygland folkebibliotek som opnar tysdag 19. april. Difor lurer Leonhard på om det er nokon i Setesdal som har bilete av han.

Erik Petri heitte Petrus Petterson og var frå Halden. Foreldra var svenske. Han fekk utdanning i USA og busette seg på Hurum. Men han var fleire gonger i Setesdal og malte, og som mange andre kunstmålarar betalte han for kost og losji med eit maleri. Difor lurer vi på om det er nokon som har eit maleri av han her i dag.

Ved opning av utstillinga vil Synøve G. Hetager fortelje om Petri. Ho har skrive bok om han. Ho har og med nokre bilete som vil bli med i utstillinga.

I programmet i radioen fortalde Leonhard at då dei hadde utstillinga på Setesdalsmuseet på Rysstad i 2012, visste han ingenting om Petri og det var lite informasjon å finne om han. På internett har det vore ein artikkel på Setesdalswiki, den har hatt over 1400 oppslag sidan 2012. N orsk kunstnerleksikon hadde lite informasjon, bare noko om utstillingar han hadde vore med i og katalogar der han var omtalt. Men no er det kome ei bok om han, og Leonhard meinte det var hyggeleg at museet kunne lage ei utstilling og vise bilete av han.

Erik Petri: Kystlandskap
Erik Petri: Kystlandskap

Kystlandskap Olje på lerret, 52×66 cm Signert nede til høyre: Erik Petri. Til salgs hos blomqvist.no