For seint

Share
Foto: Gunbjørg Sola
Nederlandsk blomeprakt i Keukenhof. Foto: Gunbjørg Sola

I kveld skulle eg tale på Menighetshuset i Valle. Eg hadde ikkje sjekka plakaten, men gjekk ut frå at det var klokka 19.30. Men denne gongen var møtet sett til klokka 19, så då eg dukka opp klokka 19.20, hadde dei venta ei god stund. Håvard Viki hadde starta møtet, dei hadde sikkert sunge fleire songar.

Men forsamlinga var raus, eg var hjarteleg velkomen sjølv om eg kom for seint. Så då var det bare å samle seg litt før ein sjølv skulle i elden. Eg vil nok sjekke betre neste gong, for det er best å få med seg starten når ein skal tale på eit møte. Starten vil som oftast setje tonen, å kome for seint er å kjenne seg litt i eit vakuum.

Med utgangspunkt i dagens tekst talte eg om å dele. Det ein har fått kan ein dele med andre. Veldig mykje i Bibelen handlar om å dele sitt brød med svolten bror, som det heiter i sangen. Det ein har fått, skal ein kunne gje vidare.

När allt vad jag ägt utav mod syntes svika
när kraften är tömd fastän dag ej är slut
när jag har nått botten av tillgångar egna
vår fader då endast begynt att ge ut

Hans kärlek är gränslös
Hans nåd är oändlig
Hans kraft ingen människa utforskat än
Ty av sina eviga väldiga skatter
Han giver och giver och giver igen

Ragnhild H. Aadland Høen skriv:

Hvert år gjør Gud litt korn til mye korn, og han gjør noen få fisk til mange fisk. Det ser ikke menneskene. Når Jesus øker farten, blir underet plutselig synlig og vi ser virkeligheten bedre.

Når du heretter ser en «vanlig» vakende fisk eller en «vanlig» kornåker, vet du at «her arbeider Han som mettet mer enn 5 000 mann». Du vet at du ser et under. 

Det same kan ein vel seie når ein ser vårens blomeprakt.