Vennskapsavtalar

Share

untitled

I Setesdølen i dag var det ein artikkel om at Evje og Hornnes kommune har inngått vennskapsavtale med den ungarske byen Mórahalom på grensa til Serbia.

Eg tok ein telefon til ordførar Bjørn Ropstad i kveldens aktuelle time i Valle Radio for å få vite meir om dette, og då kunne han fortelje at det hadde vore ein delegasjon på fem personar frå Ungarn på Evje sist veke for å verte kjent med sin norske vennskapskommune. Dei var to dagar på Evje og fekk sjå korleis kommunen driv sitt arbeid.

Bakgrunnen for denne vennskapsavtalen er at det kan utløyse pengar frå EU som kan kome til nytte i Ungarn, men kanskje også i Norge. Det kan vi kome tilbake til når det vert aktuelt. No var det bare den første starten på noko som kan syne seg interessant i tida framover.

Eg har vore så lenge i Valle at eg hugsar då Valle inngjekk vennskapsavtale med Avanduse i Baltikum. Det var nokre besøk, men så døydde samarbeidet bort, det gjekk helst på kulturutveksling, meiner eg å hugse. Den avtalen som Evje og Hornnes har inngått, kan syne seg å vere meir slitesterk, for den har andre bein å stå på enn kulturutvekslinga, og då vil den kan hende vere meir robust.