Stimulerande

Share

Så er Setesdalskonferansen over for i år. Den hadde overskrifta drivkraft, og dette vart belyst frå ulike vinklar for næringslivsleiarar og andre deltakarar både torsdag og fredag.

Det starta med Finn Schjøll som bandt blomar og fortalde om drivkrafta han hadde hatt gjennom livet. -Er du en rotekopp, så blir det rot, sa han. Eg noterte også eit anna sitat: -Man må kle seg for suksess om man skal få suksess. Då konferanseleiar Styrk Fjærtoft Trondsen spurte han kva som var drivkrafta hans, sa han at han syntest det var moro med mennesker.

I dette innlegget på bloggen kan eg ikkje ta med alle programpostane, men eg opplevde innslaget Skapande skallar som svært positivt. Her fekk nokre av gründerane i Setesdal presentere ideane sine. Det gjekk ganske så fort, men her er lista:

Stine Prøitz Jørgensen på Hovden har firmaet s.grims og driv med visuell kommunikasjon.

Elisabeth Spockelie har starta Valle sport samlokalisert med Bergtun drive av Laila Johnsen Kjær.

Arne Bakke og Frode Kirkedam har starta Bratt friluftsliv.

Jarle Torkildsen i Naturexpo har saman med Per Axel Johannson starta Elgtun

Vidar Mortensen har saman med Åsulv Tønnesland starta SunSense på Hornnes

Kjell Rune Heia har starta Skild

Alle desse presenterte seg på konferansen, det var inspirerande å oppleve, og ved avslutninga av konferansen fekk Nomeland Anlegg gründerprisen for oppfinninga av polarsand, eit produkt som kan redusere bruken av salt på vegane om vinteren og dermed spare miljøet. I tillegg fekk Valle Sparebank Setesdalsprisen 2016, så det var mange høgdepunkt under konferansen.

I tillegg samla konferansen over 100 deltakarar, særleg mange var til stades første dag. Det er det største deltakartalet vi har hatt. Og det var samrøystes at konferansen bør arrangerast også neste år.

Eg starta med å fortelje at Blomster-Finn bandt blomar. Det var inspirerande då han gav dagleg leiar i Setesdal Regionråd, Signe Sollien Haugå, ein gigantisk bukett og gratulerte henne med 50-årsdagen hennar 4. april. Deretter bandt han ein noko mindre bukett og gratulerte Ingreid Eieland Flåt med hennar 50-årsdag den dagen konferansen starta, 14. april.  Å sjå kvarandre og å setje pris på kvarandre er viktig for inspirasjon.