Kan Riksveg 9 bli Nasjonal turistveg?

Share

Setesdølen sin journalist var ikkje på Setesdalskonferansens første dag på Hovden sist torsdag. Men fredag var han der, noko som førte til at tysdagsavisa hadde eit oppslag om at NHO-direktør Siri Mathiesen var imot å arbeide for å få heilårsveg over Brokke-Suleskar. Ho ville prioritere Gul stripe til Hovden og meinte at slagordet burde vere Gul stripe til Haukeli. Då ville Ankeret bli komplett, E18 austover, E39 vestover og Rv9 nordover frå Kristiansand.

Om Ole Birger Lien hadde vore til stades torsdagen, kunne han fått ei anna vinkling på oppslaget relatert til veg i avisa. For torsdagen hadde Laura Christina Brøvig Vallenes eit innlegg der ho slo eit slag for å prøve å få Riksveg 9 til Nasjonal turistveg.

Korleis ville ho gjere det?

Ho er kunstnarleg ansvarleg i LOOP by LAURA, eit prosjekt som planlegg å plassere kunst på rasteplassar og andre stader langs Riksveg 9 på ein måte som gjer at vegen blir Norges kunstveg. Ho tenkjer seg installasjonar så vel som biletkunst og ser for seg at den kan stå i tre til fem år, og så blir den skifta ut og nye kunstnarar får prøve seg.

Den som kjører Riksveg 9, har god tid og auge for det litt spesielle, vil ha mange opplevingar. Ho har teke nokre bilete og lagt dei ut på bloggen sin. På Setesdalskonferansen utfordra ho bedriftsleiarar til å bli med i prosjektet, til å ta kontakt med henne om dei hadde idear, så kunne dei sjå kva dei kunne få til i fellesskap. Tidlegare hadde ho vore med på ein USUS-konferanse om reiseliv på Hovden, då fekk ho konferansens største klappsalvar for ideane sine. 

Ho har fått støtte frå Statens Vegvesen, som gjerne samarbeider om å utvikle prosjektet. Utan støtte til ideen frå dei, ville det jo ikkje kunne realiserast.

LOOP by LAURA presenterer ideen om Riksveg 9 som Norges kunstveg. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen/Setesdalskonferansen
LOOP by LAURA presenterer ideen om Riksveg 9 som Norges kunstveg. Foto: Styrk Fjærtoft Trondsen/Setesdalskonferansen 2016