Helselagsarbeid

Share

Valle og Hylestad helselag feira 90-årsdagen sist veke. Då dukka prologen som Ingebjørg Rike skreiv til 50-årsjubileet opp. Ingebjørg Sagneskar Austenå las han opp på festen. Eg skal kome tilbake til helselagsarbeid i ein seinare blogg. Men prologen deler eg med dykk i kveld:

Solkverv

Prolog til 50-årsfesten i Valle Helselag

Av Ingebjørg Rike

I dag let me tankane vende tilbake
Eg trur eg vil kalle det eldgamle dage.
Femti år er so uendeleg lenge
Tenk på den velstand me no heve fenge.

Det var kje så rart her i dalen den tida,
Me såg då så jamleg at folk måtte lida
Når sjukdomen sneik seg i heimane inn.
Framkomst og helsestell var ikkje bare
Tenk berre på dei som i hast laut av garde
For all denne liding eg ord ikkje finn
Dei kom ikkje fram på to timar som nå
I snøføykja augna dei slett inga råd
Og døden var vissaste vegen
Det hendte so tidt når bilen stod fast
At livstråden slitna og auga det brast
So var det å snu med den kjære
Snu heimatt med sorga den svære.

So ha me ein del som var einsame gamle
Som stridde åleine i sjukdom og sut.
Dei ha’ inga hand til å hjelpe i nauda
Or uføret fann dei kje ut –
Det var berre liggje og vente på døden
Einaste denne dei hjelpte i nøden
Å du for ei tilstand det var
Då myrkret låg over vår dal.

Men so kom den tida då sola seg vende
Og hjelpa me fekk i dei strålar ho sende.
Eit helselag fekk me i sving
Om dette slo alle ein ring
Og ofra det vesle me kunne
På børa me lyfte uppunde.
Og sidan det smertefritt gjekk.
Omsider ei syster me fekk
Som rekte dei sjuke ei hjelpande hand
Og vyrde kje slitet eit einaste grand.

Frå Bjåen til Besteland – milin er lange
Strabasan vorte bå vonde og mange.
Sykkel og spark – og på apostlanes hesta.
Slik framkomst dei stakkaran ofte laut mestra
Dei vyrde ingen ting og alt kom i sving
Når dei sine sjuke fekk gjesta.

Løna for slitet var skral denne tida
Kommuen og staten dei let okko bia
Det vart berre skjervar frå Per og Pål
Og basaren ha me kvart einaste år.
Og dette laut rekkja til løna.
For få noko meir var kje bøna
Eg trur ikkje løna i månen rakk hundre
I dag må me berre sitja å undre
Koss i all verda det gjekk
At systrar me verkeleg fekk,
Men åra hev sikla å runne
Over kneiken hev me no vunne
Å du for ein framgang i dalen.

I skulen der gjord dei bå vaska og bala
Or skolten med tett-tinda kambar dei hala
Ein masse av gnagande troll.
Eg frys i min kropp når eg tenkjer attende
Men gled meg dess meir – no når sola seg vende
Og grøda gav tusenvis foll.

Me takkar av hjarta dei fyrste som våga
Seg ut på så bårutt eit hav.
Um bylgjone braut, heldt dei trufast i åra,
Og båten sokk alli i kav.

Ein del er blitt borte og søv i si grav
Me minner dykk alle for alt det de gav
Eit vemod vil på okko strøyma
Nei aldri so kan me dykk gløyma.

I dag me festar – og det med glede
Me skulle plent om vår framtid kvede.
No hev me fenge so vent eit bygg
Oppi Leitestykket der ligg han trygg.

Der samlar me alle gamle – sjuke
Der vert dei stelte med henda mjuke
Gode mat’e – og medisin
Og atmosfæren er rein og fin.

Der kjem ein masse og for dei spelar
Og syng og talar – til dei som tvilar
Her får dei mat, bå for kropp og sjel
Sjølv døden synest kje vere fæl.

I dag me takkar bå kar og kvende
Som stod ved roret og stormen vende.
Men ein ting vil eg få rope ut:
Den største takken gjev me til Gud.