Brann i el-bilar

Share

Det har vore sterk satsing på å legge til rette for el-bilar i Setesdal. No har alle tettstadene ladestasjonar. På Hovden kan ein lade el-bil i parkeringshuset under Hovdetun.

-Det er nok best for brannsikkerhet om ein ladestasjon er i friluft, sa Egil Kvitne i tysdagssendinga i Valle Radio denne veka. Men om dei er innomhus, må det vere sprinklaranlegg, og det er det på Hovden, sa han.

Tema var brann i slike bilar, det krev spesialkompetanse å handtere slikt, for det er høgspent straum i bilane. Når ein skal skjere i bilar etter ulukke, må ein vite kva ein gjer, så mannskapa må vere i kontakt med folk som har tilgang til handbok om kor ein kan skjere.

For å sløkke brann må ein pøse på med vatn for å kjøle ned bilen, det er viktig å finne hovudbrytaren og få slått av straumen. Alle må vite kor den er, fortalde Kvitne, som opplyste at det ikkje var oftare brann i el-bilar enn i andre bilar.

Ladestasjon i Setesdal
Ladestasjon i Setesdal. Foto: Setesdal Regionråd

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *