Digitale perspektiv

Share
Den digitale utviklinga når det gjeld mobiltelefonar har vore rask og sterk. Foto:Wikipedia Commons
Den digitale utviklinga når det gjeld mobiltelefonar har vore rask og sterk.
Foto:Wikipedia Commons

For meg var Setesdalskonferansen i år atter ein gong eit møte med digitale perspektiv på framtida. Heilt frå eg var på den første konferansen i 2009 har dette vore eit viktig tema i ulike samanhengar. For meg førte det til at eg no i sju år har arbeidd med Setesdalswiki, eit digitalt leksikon som vart starta i april 2009.

I år var det sjefen for Google i Norge, Jan Grønbech, som hadde dei lengste digitale perspektiva. Han har jobba med Google i elleve år og før det var han med på å starte Schibsted si satsing på Internett.

Det som kanskje overraska meg mest i det han sa, var at han peika så sterkt på mobile plattformer. Du som høyrde Valle Radio i går, fekk og høyre det. Han fortalde at vi er kopla på Internett i mange former alt no, og eg kjende meg jo att i det, for eg har både smartphone, nettbrett, bærbar datamaskin og stasjonær PC og brukar alle saman. Slik sett er eg vel meir enn gjennomsnittet aktiv digitalt.

Grønbech fortalde vidare at det særleg er mobil bruk av data som veks. Folk har smartphone, og då surfar dei når dei har ei ledig stund. Kanskje på bussen heim, i alle fall folk som bur i byar kan det. Vi som må køyre sjøl, bør jo ikkje surfe medan vi køyrer. Så kjem vi heim, og det er då vi bestiller varene. Difor undra det han at så få norske firma hadde tilpassa nettsidene sine til mobile plattformer, som han kalla det. Dei er jo ikkje like desktop-plattforma som vi har på PC.

Det gav meg noko å tenkje på. Setesdalswiki er jo ikkje tilpassa mobiltelefonen. Wikipedia har eit format som vert tilpassa den plattforma som vert brukt. Eg lurer difor på om også Setesdalswiki bør få eit slikt format og kva som skal til for det.

Desse tankane kom alt i innleiinga til foredraget hans. Det var mykje meir i det foredraget som ein kunne reflektere over, men det får eg gjere ein annan kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *