Meir om raset på FV 323

Share

I kveld hadde vi ein samtale med Sigurd Wiberg om raset på fylkesveg 323 mellom Åraksbø og Austad, der det heiter Viki. Han kunne fortelje om sprekker i fjellsida der det over år hadde samla seg grus og jord, og så vart det is-sprenging. Men no var dei starta på oppryddinga. Eit par store steinar må sprengjast for å kunne fjernast, men han trudde at dei kanskje kunne opne vegen att fredag kveld.

Dei hadde hatt geologar på staden dagen etter at raset gjekk og dei hadde hatt ei drone oppe for å ta gode bilete som geologen kunne studere, og han meinte at det ikkje var fare for nye ras no. Men ei tid framover vil vegen vere grusveg, for asfaltverka er ikkje i gang enno. Kva tid dei kunne få asfaltert visste han ikkje enno.

Slik såg raset ut frå Reiårsfossen Camping. Foto: Knut William Bygland
Slik såg raset ut frå Reiårsfossen Camping. Foto: Knut William Bygland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *