Sigrid Besteland 100 år

Share
Sigrid Besteland spelar på sin 100-årsdag. Foto: Valle Bygdeheim
Sigrid Besteland spelar på sin 100-årsdag. Foto: Valle Bygdeheim

I dag fylte Sigrid Besteland 100 år. Mor til Niklos K. Besteland, min gode medarbeidar i Valle Radio, hadde stor feiring på Dagsenteret på Valle Bygdeheim. Eg fekk Kjetil Carolis Jore til å ta eit opptak av det som skjedde, og etter at Siri Johannessen hadde redigert det, kunne eg sende 35 minutt frå arrangementet i Haralds time i Valle Radio i kveld.

Etter at Solveig Kyrvestad hadde ønska velkommen og gratulert frå Valle Bygdeheim, fekk ordførar Steinar Kyrvestad ordet og bar fram helsing frå Kong Harald. Han sender helsing til alle som fyller 100 år. Han hadde og med blomar frå Valle kommune.

Etter middagen, som var suppe og lefse til alle, var det konsert med Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid. Dei spela Brureslag etter Dreng Ose, Hallvard fortalde at Sigrid og Knut hadde dansa som brur og brudgom på Landskappleiken i Kristiansand i 1951. Vidare fekk vi høyre Sylvdråpen, Huldreslåtten etter Andres Rysstad og Skjoldmøyslaget etter Dreng Ose. Men eg trur applausen var høgast då Sigrid sjølv spelte Bestelanden etter å ha blitt utfordra til det av Hallvard.

Det er ein artikkel om Sigrid Besteland på Lokalhistoriewiki. 

Å kunne sende noko slikt i lokalradioen vil eg seie er lokalradio på sitt beste. Takk til Kjetil Carolis Jore og Siri Johannessen for god hjelp til å kunne få det til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *