Vestsida

Share

I kveld var Fånefjellstunnelen stengd, så eg måtte kjøre vestsida av Byglandsfjorden då eg skulle nedover etter årsmøtet i Utdanningsforbundet Valle. I annonsen stod det at tunnelen skulle vere stengd mellom 18 og 20, men ein hyggeleg mann frå Rune Hodne stoppa meg ved Storestraumen då klokka var nesten 21 og sa at dei framleis heldt på å rydde etter øvinga dei hadde hatt der, så eg måtte bare svinge til høgre og kjøre vestsida.

Den vegen er smal og svingete, det blir ei utfordring å kjøre der når Fånefjellstunnelen skal oppgraderast, slik det var omtalt i tysdagsavisa.

Men sjølv om den er smal og svingete, er den idyllisk og vakker, og det er plassar der som ein godt kunne ha ei hytte på, noko som vel kanskje er grunnen til at det er ein del hytter langs fjorden på vestsida. Så får det våge seg at ein ikkje kjem like fort fram som på austsida, for mange stader må ein stoppe for å sleppe møtande trafikk forbi, eg trur vegen er smalare enn Brokke-Suleskar-vegen mange stader.

Som oftast er det bare ein transportetappe å køyre vestsida. Men om ein tek det som ein tur, stoppar, finn fram termosen og drikk kaffe, kan ein nok ha ein ganske roleg pause samanlikna med korleis det vil vere på rasteplassane på austsida. Og når sommaren kjem, er det idylliske badeplassar for den som er på leiting etter slike.

Vestsida er altså vel verd ein tur når ein har tid og vil nyte naturen.

Utsyn over Byglandsfjorden frå Sines og sørover. Foto: Geir Daasvatn
Utsyn over Byglandsfjorden frå Sines og sørover. Foto: Geir Daasvatn

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *