Forventning

Share

Den ventar ikkje forgjeves som ventar på noko godt, heiter det i eit ordtak. I vår familie står bursdagane i kø i mai, og i morgon er det Nikolai sin tur. Han feira dagen litt på førehand sist laurdag saman med Kristine, då var mange av familien på farssida til stades i Nittedal.

Eigenleg skulle vi ha feira han her på Eskeland i dag, men så vart det så fint ver at dei valde å vente til i morgon ettermiddag med å reise heim, Då kan det bli kake i morgon, og forventningane er store.

Men i dag var det lørdag, og helga har sin eigen dåm med taco fredagskvelden, laurdagsgodt med snøballar frå Island etter pizza høver også godt, sjølv om posane frå godtebutikken heller ikkje er å forakte. Men denne gongen var nok forventninga større til søndagen.  Pizzaen var likevel god og heimelaga, så den kan eg dele med deg i kveld.

Lørdagspixxa smakar godt, ingen tvil om det.
Lørdagspixxa smakar godt, ingen tvil om det.