Kommunen informerer

Share
Tre glade ungdomar fekk stipend Foto: Øyvind Uppstad
Tre glade ungdomar fekk stipend Foto: Øyvind Uppstad

I kveld var det ordførar Steinar Kyrvestad som var gjest i den halvtimen som vi hari Valle Radio med tittelen Kommunen informerer . Han hadde mange saker på blokka si.

Først gledde han seg over kommunale stipend til tre unge idrettsutøvarar. Aron Åkre Rysstad, Elin Uppstad og Vilde Liestøl Kittelstad fekk kvar sin sjekk. Dei to første går på Skigymnaset på Hovden, Vilde går idrett på KKG i Kristiansand. Alle er målbevisste og satsar på idretten sin.

Dernest fortalde han om arbeidet med å få asylmottak på Valle Motell for enslige mindreårige. Den saka skal opp i kommunestyret neste veke.

Svært ofte er det tale om Rv9 i dette programmet. Neste parsell skulle vere Skomedal i 2017, men det ser ut til at den vert flytt og kjem inn i 2019 om ein ikkje klarar å påverke politkarane, og det er ein stor og viktig jobb no. Sidan står Bjørnarå-Optestøyl for tur før Besteland -Helle. Så det er mange parsellar å ta av. No er det og vunne gehør for å setje ned farten forbi Valle til 60 og lage sperrelinje slik at ein ikkje kan ha forbikjøring i krysset og nordover. Endeleg fortalde han at om to veker startar ein opp på sykkelstien mellom kyrkja og skulen.

Neste onsdag skal kommunestyret og vedta nytt slagord for kommunen. Valle – moglegheiter for alle er det nye slagordet.

Ein arbeider og med planar om å utvide Leite byggefelt sørover og oppover. Vidare gledde ordføraren seg over at arbeidet med renseanlegget på Rysstad no går for fullt, at det vert bygd ambulansebygg på Rysstad og at hengebrua over Prestfossen skal opnast den dagen det er sentrumsfrukost i Valle. Før det opnast Bergtun att. Vi treng eldsjeler som vil satse, det har vi fått på Bergtun, og det er ei stor glede, sa han.