I godt selskap

Share
Ryggproblem
Yngre ogtynnare, men denne ryggen er heller ikkje god

Det vert ikkje tysdagssending i Valle Radio denne veka. Eg gløymde å sende melding til avisa om det, så i morgon står det nok ikkje noko om program i Valle Radio. Eg måtte kaste inn handkleet og vart sjukemeldt då ryggen slo seg vrang. Men eg er i godt selskap, dette var overskrift i VG i dag: Kronprinsesse Mette-Marit deltar ikke på kveldens gallamiddag for det polske presidentparet på grunn av ryggproblemer. 

Nederst i den artikkelen står det og om at forskarar ved NTNU har stor tru på at ny teknologi kan hjelpe folk til å handtere ryggplager. Når eg klikker på lenka til den artikkelen kan eg lese at dei har fått 47 millionar kroner for å utvikle ein app som skal samle informasjon om kroppen og ut frå den informasjonen gje råd om trening som kan motverke ryggproblem.

– Ryggsmerter er en av de vanligste plagene i befolkningen. En internasjonal studie som nylig ble publisert, viser at ryggsmerter er den lidelsen som forårsaker mest uførhet blant folk – og det gjelder hele verden, seier professor Per Jarle Mork som er koordinator for prosjektet. Mork snakker om typen uspesifisert smerte i nedre del av ryggen. Ikke strålesmerte nedover bena, som snarere kan dreie seg om prolaps og nerver i klem. 

Ifølge Gemini.no oppsøker hvert år 1 av 15 voksne i den generelle befolkningen lege eller fysioterapeut på grunn av uspesifikke smerter i nedre del av ryggen. Slike plager er en vanlig årsak til funksjonsnedsettelse og sykmeldinger.

Så når eg sit heime i Mandal denne veka, er eg i godt selskap. Eller kanskje eg skulle seie i vondt selskap, for verkar gjer det kvar gong eg prøver å reise meg og gå litt. Men eg fekk nokre tablettar og når dei får verke, vonar eg at det skal rette seg.

Onsdag er det kommunestyremøte klokka 18. Då skal kommunestyret handsame Folkehelseundersøkelse i Agder, Strategisk plan for flyktningarbeid, Nytt slagord for Valle kommune og Kommunereforma. I tillegg skal dei møte den nye fylkesmannen, Stein A. Ytterdal. Så sjølv om det ikkje er vanleg sending, vert det nok interessant å høyre på radioen onsdagskvelden.