Avslutning

Share

Søster mi, Jorunn Moen, har vore organist i Lyngdal i 16 år. Denne helga vart ho pensjonist, og det skjedde med ein konsert fredagskvelden før ho spelte til gudstenesta sundag. Eg fekk høve til å vere med på fredagskvelden saman med om lag 200 andre, dei fleste lyngdølar, men og nokre tilreisande.

I løpet av desse åra har konsertserien Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke blitt eit omgrep. Kvar fredag i skuleferien opna Jorunn dørene til kyrkja for eit program med musikk, bibellesing og salmesang. Gjennom 15-16 år med om lag åtte konsertar årleg vart det over hundre samlingar i kyrkja.

Sjølv var Jorunn bare delvis aktiv som musikar desse kveldane. Ho inviterte lokale utøvarar til å vere med. I tillegg hadde ho eit samarbeid med Kulturskulen, slik at unge fekk prøve seg framfor eit publikum i ein slik samanheng.

Fredag 29 april hadde ho fått med Ingrid Grøvan, no etablert sopran i Bergen, på konserten. slik ho har vore dei fleste, ja, kanskje alle åra. Ho song Ved Gjætlebekken Sp,orven og Søvnen i første avdeling og frå Händels Messias (Come unto Him) og Panis Angelicus i andre avdeling. Eg smilte og gledde meg over vakker sang på høgt kunstnarleg nivå og sanneleg fekk vi endå eit nummer av dei to, avslutningsnummeret Climb every mountain.

Av kulturskuleelevar var Åse, Emmy og Herman med på flygel, elles var det Jorunn si dotter Marg rete som for det meste trakterte flygelet.

Visesong var det og av Bjarne med Reidun ved flygelet. Bjarne song Fiskerens morgensang og Har du fyr i tillegg til Å denne kilde og Visst skal våren komme, der fekk han og med heile kyrkjelyden. Det var ei stor oppleving. I tillegg var Christen med på gitar. Han er kulturskulekollega av Jorunn,  det var første gong han deltok. Han spelte frå luttsuite nr. 3 av Bach samt eit preludium frå cellosuite nr. 1 før han runda det heile av med eigenkomponert Vårsang. Å høyre så vakkert gitarspel er ei sjelden oppleving, så eg tenkte at det er trist at Jorunn ikkje hadde Christen med før på avslutningskonserten, men vi får vone at etterfølgjaren hennar tek opp tråden og får Christer med på fleire konsertar i kyrkja.

Jorunn sjølv spelte til salmene i tillegg til kveldens preludium, Nå la oss takke Gud av Sigrfried Karg Elert. Og sjølv om ho hadde planlagt kvelden, kom det nokre overraskingar til slutt, for då kom leiaren i Lyngdal sokneråd med gode takkens ord for tenesta ho har hatt i kyrkjelyden. Og då ho var ferdig, stilte kollegaene i kyrkja opp med sjølvskriven sang til ho som no er blitt pensjonist.

Som vanleg var det kaffe og litt å bite i etter konserten, kaka denne kvelden var forma som ei orgelkake, den forsvann før eg kom fram til serveringa, men det var sjokoladekake til etternølarane. Og praten gjekk, mange nytta høve til å takke Jorunn personleg for at ho hadde opna kyrkja dei mange sommarkveldane med musikk og bibellesning.

Sjølv drog eg takksam heim etter ei fin oppleving. Og sundag var det nesten like mange til stades då ho avslutta gudstenestespelet. Så spørs det om ho skal vere vikar for seg sjølv til dei får tilsett ny organist i Lyngdal. Det blir ikkje den komande helga, for i dag reiste ho austover og i morgon går turen til Roma saman med Hobbøl kyrkjelyd, det er kyrkja ho var organist i før ho begynte i Lyngdal.

God tur, og god pensjonisttid, Jorunn.

Ved avskjed i Austad fekk Jorunn Moen dette bildet, utsikt frå orgelet i kyrkja
Ved avskjed i Austad fekk Jorunn Moen dette bildet, utsikt frå orgelet i kyrkja. Eg gløymde å ta bilde i Lyngdal, så dette bildet får fylgje kveldens blogg. Maleriet er av Arne Åmland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *