Bursdagsfeiring

Share

I går var det bursdag her i huset, dei har i grunnen stått i kø no, bursdagane. Men feiringa var ikkje så veldig hektisk, vi hadde formiddagsmat med gode naboar og ein god prat, noko som skjer alt for sjeldan, i alle fall for mitt vedkomande. Eg burde jo ha teke bilete av det kalaset, men som vanleg tenkte eg ikkje den tanken før det var for seint.

Lisbeth Dalquist Homme og Reidun er fødde på same dagen. Lisbeth skreiv på facebook i går då ho takka for helsingar at ho ikkje ville vente til neste år med å feire, men planla større feiring med familie alt denne sommaren. Reidun har ikkje sagt noko om korleis ho vil feire neste år, men i dag skal vi feire Brit på Varhaug. Ho er mitt eldste søskenbarn på morssida. Ho har bede inn til lag på Lerbrekk skule i dag, og vi gleder oss til det. Difor skriv eg bloggen tidleg i dag.

Når ein skal feire bursdag, er det alltid spørsmål om gåver. Men for oss som har alt, husa våre er helst for små til alt vi har samla gjennom livet, er det eit alternativ, og det har Brit nytta. Ho sa at ho heller ville ha pengar til eit utviklingsprosjekt på Madagaskar. Bakgrunnen for det var nok at ho besøkte prosjektet for ei tid sidan, folk på Jæren har laga eit venelag for jordbrukskulen Tombontsoa, og dei har mista støtta frå NORAD, men treng jo framleis støtte. Elevane kjem frå fattige heimar. Du kan lese meir om prosjektet på http://jo-ve.no/

Lerbrekk skule ligg tett ved riksvegen.
Lerbrekk skule ligg tett ved riksvegen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *