Før nasjonaldagen

Share

Debes

Mange tenkjer at nasjonaldagen er barnas dag, det flagg og bunad, pølser og is. Vi hadde forresten pølsene i dag, men isen ventar vi med til i morgon. Men dagen har eit innhald ut over barnetog og tale for dagen, min svigerson Stein skal for øvrig halde tale for dagen på Sandøya i morgon i tillegg til å spele tuba i opp til fleire tog.

På bloggen i dag vil eg trekke fram ei bok eg fann like før helga. Om eg skulle kjøpt den på antikvariat, måtte eg betalt 35 dollar. På gjenbruksbutikken i Mandal fekk eg den for ein tikroning, det same som eg la på parkometeret for å stå utanfor butikken ein halvtime.

Først må eg seie litt om forfattaren, Jan Debes (1925-1999). Eg skulle gjerne likt å vite korleis han alt som 25 år gammal juridisk student fekk gitt ut boka Det norske statsråd 1814-1949 i 1950. Han fekk etter juridisk eksamen arbeid i sentraladministrasjonen og vart avdelingsdirektør i Personaldirektoratet, les eg på Wikipedia. Den boka han laga som 25 åring er blitt ei viktig bok for å få oversikt over alle som var statsrådar heilt frå Norge vart etablert som eigen nasjon med eigen grunnlov.

I den alfabetiske lista er det om lag 250 namn, det er tale om 38 regjeringar og tidsrommet er 135 år. Å halde oversikt over alt dette i ei tid då datamaskina ikkje var oppfunnen og databasar måtte lagast på kartotek-kort, det er etter mi meining ei bragd. Han har også med små biografiar over statsrådane, det kan jo ikkje ha vore lett å finne den informasjonen utan internett. Då måtte han ha tilgang til biografiske leksikon og stor kompetanse på å bla i papirbasert informasjon. Han måtte også ha stor grad av orden for å kunne organisere stoffet til ei bok i ei tid der ein ikkje kunne setje inn eit nytt avsnitt like enkelt som vi kan, men måtte skrive sida om att når noko var gløymt eller skulle føyast til. 207 sider vart det til slutt, mange lister med svært lita skrift, forklarande tekst med vanleg sats.

Eg kjøpte boka for å sjå om det var nokre personar omtalt der som ikkje hadde biografi på Wikipedia. Men mine små stikkprøvar syner at dei aller fleste hadde biografiar der, mange var også svært omfattande, noko som er naturleg på Internett, der avgrensingar er mindre viktig enn i papirbaserte verk. Det fortel meg at Wikipedia er eit leksikon som dekker det meste av den politiske historia til Norge når det gjeld biografiar over folk som har hatt rollar i den.

Mange lurer på om ein kan stole på Wikipedia. Til det vil eg seie at opplysningane der er minst like truverdige som det ein elles kan finne, det er mange som kontrollerer det som vert lagt inn. Leksikonet har som føresetnad at ein skal oppgje kjelder, men det er mange av dei nærare 440 000 artiklane som ikkje har kjelder. Like fullt er det meste som står også i desse artiklane til å stole på, det er bare at ein ikkje har fått på plass kjeldene enno. Dette gjeld og artiklar om politiske tilhøve som vert dekka av Jan Debes si bok. Så sjølv om det ikkje er mykje å hente frå boka når det gjeld faktastoff, er det nok nokre artiklar som kan få påført kjelde frå denne boka. I kveld la eg inn kjelde til artikkelen Francis Hagerups andre regjering som var kjeldelaus tidlegare.

I morgon feirar vi grunnlovsdagen med flagg og barnetog, tale for dagen, is og pølser. Kanskje skulle ein og studere litt arbeidet som er gjort frå 1814 til i dag av folk som engasjerte seg politisk for å bygge det samfunnet vi kjenner. Då kan du ta for deg kategorien Norske regjeringer på Wikipedia og bli litt klokare.

Men det bør nok vente til over nasjonaldagen, for studiet vil ta litt tid.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *