Innvandring til Valle

Share

I kveld vil eg sitere det som kommunelege Hanne T. Straume skriv i  Folkehelseoversikt  for Valle når det gjeld innvandring til Valle i 2015. Denne store oversikta vart handsama av kommunestyret i dag.

Helse kan definerast ulikt, og Peter F. Hjort (1995) sin definisjon «God helse har den som har evne og kapasitet til å meistra og tilpassa seg livet sine uunngåelege vanskar og kvardagens krav» er eit godt døme på korleis helse kan tolkast. Innan sjukdomsførebygging vil helse kunna tolkast som fråvær av sjukdom, mens i det helsefremmande arbeidet vil helse som ressurs vere gjeldande.

Valle har fått fleire kontingentar av flyktningar og fleire år, men av dei første som kom er vel alle reist til meir sentrale strok. Det var først når vi i åra 2007-12 fekk en kontingent av burmesarar at det så ut til å bli meir permanente etableringer. I 2013- 2015 har det kome nokre innvandrarar frå Syria og Eritrea. men det er for tidleg å seie noko om dette vert ei meir varig busetting. Kommunestyret har bestemt at vi skal ta 13 fleire flyktningar i 2016 og taket på antall flyktningar på introduksjonsprogram (5 år) er auka frå 45 til 48.

2.5 Utfordringsbilete innvandring

Det har vore – og er ei utfordring å skaffe lagelege bustadar til flyktningane. Det har vore ynskjeleg å ha flyktningar i Valle (og ikkje i Hylestad) for å sleppe transportproblemet mellom bygdene. (Valle har ikkje gode kår for transport av alle dei som ikkje disponerer eigen bil. Vi må rekne med at bustadsproblemet blir stort i 2016 og utover, og utfordringene med å skaffe dei jobb kjem og til å bli store. Her ligg og fleire fallgruber med utvekling av ein økonomisk lågklasse kombinert med integreringsutfordringar.

Eit forhold ein og skal vere merksam på er at borna ikkje kan rekne med å få særleg hjelp av foreldra med skulearbeidet, og enno vanskelegare blir det når foreldra lærer bokmål og borna lærer nynorsk. Den seinaste utviklinga med migrasjon til Europa og Noreg vil rimelegvis og påverke Setesdal og Valle, og ein får sjå korleis dette utviklar seg.

Ordførar Steinar Kyrvestad på juleavslutninga i desember 2016. Foto: Marja-Leena Steinbru
Samarbeid mellom vaksenopplæring for innvandrarar og Frivilligsentral. Ordførar Steinar Kyrvestad på juleavslutninga i desember 2016. Foto: Marja-Leena Steinbru

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *