Jobbar som forsvinn

Share
Henta frå https://dmarron.com/2014/01/20/keynes-was-right-economists-should-aspire-to-be-like-dentists/
Jan Grønbech presenterte yrker som vil forsvinne på Setesdalskonferansen 2016. Henta frå https://dmarron.com/2014/01/20/keynes-was-right-economists-should-aspire-to-be-like-dentists/

Det er alt gått meir enn ein månad sidan vi var på Setesdalskonferansen 2016. På nettsida setesdalskonferansen.no ligg dei fleste foredraga frå konferansen, slik sett kan vi framleis ha glede av det vi ikkje noterte då vi var der.

Jan Grønbech, sjefen i Google Norge, presenterte yrker som vil forsvinne på Setesdalskonferansen 2016. Eg trur ikkje så mange vil sakne telefonseljarar, som er det yrket som står nederst på lista. Det er det yrket som med størst sikkerhet vil forsvinne av dei som er på lista.

Yrker som vil overleve er personleg trenar, tannlege og prest, men elles syner lista at svært mange yrker vil forsvinne. Lærar er ikkje på lista, så læraryrket bør ha ei sikker framtid. Men til og med ekspeditørar i butikkar vil forsvinne, meinte Grønbech, vi vil etter kvart sjølv sjekke ut varen og betale dei med kort.

2 milliardar jobbar vil forsvinne om ein ser heile verda under eitt. Men alle kan ikkje vere tannlegar, prestar eller personlege trenarar. Grønbech meinte det ville dukke opp nye jobbar, akkurat som vi har sett dei siste åra. Datautviklinga ville gje heilt nye jobbar for folk. Maskinar ville overta mykje av det vi jobbar med no, men nye jobbar ville kome, og det ville vere jobbar som ikkje byggjer på gammal kunnskap, men som tek i bruk ny kunnskap. Her må folk og bedriftsleiarar i Setesdal tenkje nytt, minna han oss om.

Det kan jo vere noko å tenkje på denne helga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *