NLM i fokus

Share

I kveld hadde vi ein halv time om Misjonssambandet i Valle Radio. Olav Mosdøl kom ned frå Bykle og fortalde, han var på regionårsmøtet på Evjetun i helga.

-Korleis hadde det seg at du vart engasjert i Misjonssambandet, spurde eg.

-Eg fekk spørsmål om å vere kontaktmann, og sidan har det blitt slik, svarte han.

Vi kjenner han som viktig medspelar på jolemessa på Rysstad, men han fortalde og om den store basaren som er på Hoslemo om sommaren og med Sigurdsbustemna i Fjellgardane kyrkje dagen etterpå.

Å ha regionårsmøtet på ein fast stad er god lette for arrangementet, då slepp ein å lage nye komitear på ulike stader. Evjetun ligg midt i regionen, som omfattar Agder med unntak av Sirdal, Kvinesdal og Flekkefjord, og Telemark. På årsmøtet var det ei sanggruppe frå Kvitsund gymnas, det er flott å ha alle skulane, vi var samde om at der får unge frå distrikta vener for livet og god utdanning, anten det er Kvitsund eller Drottningborg .

Vi snakka og om alt det andre arbeidet Misjonssambandet driv, bibelskular, høgskular og leirstader. Det gjev ei stor kontaktflate og folk engasjerer seg, både unge og eldre. Eg peika på at vi  har hatt faste innslag i Valle Radio frå Norea Mediemisjon heilt frå vi starta opp i 1997. Då kommenterte Olav at han meinte at Bykle Radio gjorde feil då dei hadde som regel at alt stoffet deira skulle vere laga i Bykle. Å få godt stoff frå kjelder utanfor, kan lette arbeidet med å lage program, meinte han, og eg var jo ikkje uenig i det.

Vi snakka og om misjonærar frå Setesdal. Frå Bykle reiste Torjus Vatnedalen ut som misjonær, han døydde for nokre år sidan, elles nemnde han Gunnar Oseng frå Hornnes.

Ein halv time går fort og praten gjekk lett. Mot slutten kom vi inn på andre verv som Olav Mosdøl har hatt. Han har vore politikar for Senterpartiet i 25 år, men no har han trekt seg ut av det og har bare få oppgåver att i det politiske livet. Men han har engasjert seg i arbeidet med bygdebøkene og meinte det var ein genistrek dei ikkje såg rekkevidda av då dei la Heimar og folk i Bykle ut på lokalhistoriewiki. No kan stoffet oppdaterast etter kvart. Han meinte andre burde fylgje eksemplet deira.

evjetun

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *