Orgelmusikk

Share
Orgelet i Verden Dom. Foto: Hans-Jörg Gemeinholzer/ Wikipedia
Orgelet i Verden Dom. Foto: Hans-Jörg Gemeinholzer/ Wikipedia

Niklos K. Besteland presenterte musikk på to 100 år gamle orgel: Verden Dom og St. Martinikerk Doesburg

  1. Louis James Alfred Lefebure-Vely (1817-1869): Marsj i G-dur. Tillmann Benfer (Verden)
  2. Max Reger (1873-1916): Wie schöhn leuchtet der Morgenstern. Jan Jongepier (Doesburg)
  3. Sigfrid Karg-Elert (1877-1933): Lobe den Herren, o meine Seele. Jan Jongepier. (Doesburg)
  4. Louis James Alfred Lefebure-Vely (1817-1869): Sortie i B-dur. Tillmann Benfer (Verden)

Dette var kveldens Postludium. Det vart ein fin kveld med livleg musikk på klangfulle instrument. Begge instrumenta var frå 1916, dei var altså hundre år i år.

Orgelet i Verden Dom er bygd av Fürtvangler und Hammer frå Hannover, eit firma som ikkje eksisterer lenger. Dei bygde orgel til Haderslev domkirke, det stod til 1957, til Braunsweig Dom og til Volda kyrkje. Det er frå 1930 og er det einaste dei leverte til Norge. Orgelet i Verden er restaurert i 1986, det nyttar fasaden frå eit tidlegare Schuke-orgel.

Orgelet i Doesburg Martinikerk er bygd av E. F. Walker & Cie i Ludwigsburg og stod først i Niuwe Zuiderkerk Rotterdam, men vart flytta til Doesburg i 1970. Walker bygde og orgel til Oslo domkirke.

Orgelet i Doesburg
Orgelet i Doesburg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *