Pinsetrafikk

Share

Vi reiste vestover til Varhaug fredag ved middagstid. Det er ikkje ofte, om nokon gong, vi har hatt så mykje trafikk på vegen vestover. Eg opplevde det som kø frå Mandal til Bue, der vi svingte av frå E39. Då tenkte eg at vi skulle få ein roleg tur over Høgjæren, men også der var det stor trafikk.

Så vart det ein flott fest på Lerbrekk skule, ein skule med over 150 års historie. Vi var i det nordlegaste klasseromet, det er laga til for utleige. Midtre stova står som skulestove frå gamle dagar, og den søndre stova er den gamle lærarstova. Her kunne vi vere i pausen i løpet av arrangementet.

Menyen var smørbrød, frukt og kakebord. Eg tek med bilete av kaka, då skjøner du kva som er Brit sin store interesse når det gjeld trim, i det minste. Eg veit ikkje kven som tok biletet, men kunstverket er laga av søster mi, Gunbjørg Sola.

Sykkelkake

I tillegg til mat og prat, til tider var det høg drøs-faktor i klasseromet denne kvelden, var det underhaldning av nokre av oss slektningar og vener så vel som av jubilanten sjølv. Brit spelte både preludium og postludium, ja, ho slo til og med til med ein velkomen-sang. Og sang var det mykje av, både av familien Moen, Torstein Obrestad og av heile festlyden. Sangheftet var absolutt verd å ta vare på.

Talar vart det og nokre av, eg tenkjer vel at sjølv om dei heilt seriøse var flotte å høyre på, var den muntre talen til Hildegunn med bruk av jærske ord, minnverdig. Kanskje kjem eg tilbake til det i ein blogg seinare.

Heimturen var mykje rolegare. Då var det blitt natt, og dei fleste hadde nok kome fram til der dei ville feire pinsehelga 2016. Sjølv kom vi heim vel eitt etter ein triveleg kveld med humor og fellesskap.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *