
I morgon er det siste sending i mai 2016. Den vert etter den malen som dei fleste tysdagssendingane går etter. Denne gongen hugsa eg og på å sende annonsen til avisa.
Kva som blir innhaldet i den aktuelle halvtimen er ikkje fastlagt enno.
Men Niklos kjem, denne gongen med eit reint orgelprogram frå domkyrkja i Münster i Tyskland med komponistar som Camille Saint-Saëns, Dudley Buck, Louis Vierne og André Fleury. Denne kvelden er alle tekne frå same cd, det er domorganist Thomas Schmits som spelar. Han er fødd i 1971 og har vore organist i Münster sidan 2003. Programmet hans i Valle Radio i morgon blir:
Camille Saint-Saëns: Fantasi nr. 1 i Ess-dur
Dudley Buck: Andantino Espressivo frå Grand sonata i Ess-dur
Louis Vierne: Hymne au soleil
André Fleury: Choral #2 frå Sept piéces pour orgue
Tysdag 31. mai
Ser fram til eit reint orgelprogram frå domkyrkja i Munster i Tyskland.