Strategiplan

Share

I morgon skal kommunestyret vedta Strategiplan. Busetting og oppfølging av flyktningar i Valle komme. 

Mykje kan seiast om det som står i strategiplanen, i alle fall av oss som jobbar innan feltet. Men vi som er lærarar har til tross for 14-15 år i dette arbeidet, ikkje blitt spurt om noko i samband med utarbeiding av planen. Den vart vedteken i Levekårsutvalet med ei linje ekstra i høve til rådmannen sitt forslag til vedtak, men så langt eg kan sjå av kommunestyrepapira er den linja ikkje med i innstillinga frå rådmannen til kommunestyret. Det var Olav Hovet som hadde eit forslag om at det var viktig med god norskopplæring.

Den strategiske planen har heller ikkje vore på høyring nokon stad før han vert lagt fram. Dermed er det ikkje nokon andre enn Levekårsutvalet av dei som kunne seie noko i høve til planen som har fått uttale seg. Det ser eg som eit problem om ein skal forankre planen breitt i kommunen. Men det er kanskje ikkje meininga.

Sjølv om Valle kommune har hatt flyktningar til busetting i nærare 20 år, er det første gong vi har fått ein strategiplan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *