Venstrevridd

Share

Eg har vel for det meste vore sentrumsbasert både på den eine og den andre måten. Men no er eg blitt venstrevridd så det held.

Sidan pinse har eg gått med sterkare og sterkare vinkling mot venstre. Eg lutar framover mot venstre når eg reiser meg opp, og når eg skal opp trappene, må eg klamre meg til rekkverket på venstre side for å ha makt til å dra meg opp.

Fredag kapitulerte eg, gjekk til legekontoret i Valle og fekk sjukemelding for venstrevridninga mi. Tablettar skreiv han og ut, doktor Hallvard, så vonleg rettar det seg og eg etter kvart vert sentralisert att.

Elles er eg nok mest distriktsvennleg og meiner at folk bør byggje og bu i det ganske land, sentraliseringa som no skjer i samfunnet er ein uting. Difor likte eg godt Ronny sitt innlegg i Valle Radio onsdagskvelden og var glad at eg kunne legge det ut på bloggen. Men når det gjeld å kunne stå oppreist, meiner eg at sentralisering er ein god ting.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *