Folk og liv

Share

Eg har mange gonger tenkt på at vi veit lite om kva hendingar dei mange flyktningane som har kome til Norge dei siste åra, har bak seg. Eg er ein av dei heldige som har fått vite noko om det gjennom arbeidet mitt som norsklærar for vaksne utlendingar i Valle kommune gjennom 15 år.

I desse åra har eg møtt mange frå ulike land og lært mykje. Difor snakka vi i dag på Valle Vaksenopplæring om at dei kunne presentere seg for fleire folk gjennom Setesdalswiki. Då kunne det vere lettare for folk å ta kontakt, om dei kanskje hadde lese noko der om kven dei snakka med.

Ideen førte til at dei skreiv små presentasjonar for meg som eg då la inn på Setesdalswiki i dag. Og sjølv om eg har vore lærar og hatt dei både eitt og to år, lærte eg noko nytt når dei sjølv skulle presentere seg med litt meir presentasjon enn namn og alder.

Resultatet kan du lese i nokre av artiklane på Setesdalswiki. Les om Abdulkader AbdellaBooke Nya, Imadaddin Agoul, Mays Fuad Chalabi, Abeer Alsaleem,  og Noebow Nya først, kanskje kjem det fleire artiklar etter kvart.

Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad