Kommunestyremøte

Share

I kveld kom eg meg på kommunestyremøte i Valle. Det var ei stund sidan sist og eg hadde neppe gått ned om det ikkje var for at eg fekk ein telefon frå Øystein Berg som sa at han ikkje fekk inn Valle Radio, han meinte det var Bykle radio, for det var Jon Rolf Næss som snakka.

Vel nede kontakta eg Jørund Georg Jore, som stod for teknikken i kveld, og fortalde kva eg hadde fått vite. Han gjekk då ut av salen og prøvde på nettradio, og der var det Valle. Så fann han ein FM-radio, der var det og Valle. Då eg ringde til Øystein og fortalde det og sa at Øystein bare hadde høyrt Jon Rolf Næss, kunne han fortelje at Bykle-ordføraren hadde vore i Valle kommunestyre og hatt ei orientering. Det hadde altså vore Valle kommunestyre på lufta heile tida. Vi måtte helst flire litt då.

Eg vart likevel verande i møtet for å høyre på dei sakene som var att, og det var ymse saker, mellom anna kom etter kvart vedtak av rekneskap for 2015. Der vart det omkamp i spørsmålet om korleis overskotet på ca to millionar skulle disponerast. Fleirtalet ville disponere dette til bestemte prosjekt medan mindretalet ville bare la det gå inn i disposisjonsfondet.

Det vart omkamp om kulturkutt også. Det var eit oppslag om dette i Setesdølen på tysdag, der fortalde Margit Dale at ho ville ta 150.000 frå flyktningebudsjettet og bruke på kulturbudsjettet. Dei pengane skulle då gje lærarkrefter i haustsemesteret for folkemusikklærarar. Ho meinte at buss for flyktningane var lite bruk for no, rådmannen hadde tidlegare føreslått å kutte dette.

Det kom i ordskiftet fram at då rådmannen ville kutte dette, ville han ha ei omorganisering der Setesdal Bilruter kunne ta seg av denne transporten, men det var blitt lagt på is, for det var heilt andre kostnader om ein skulle kjøpe dei tenestene. I tillegg synte Hanne Straume til at ei i flyktningeplanen som vart vedteken i forrige møte hadde satsa på busetting i grendene, ikkje bare i sentrum, og då ville det vere behov for transport.

Om eg hadde vore medlem av kommunestyret, kunne eg fortalt at det bare er ein flyktning som har førarkort og kan kjøre familien sin, noko han også gjer. Bussen er der for å køyre ungar til barnehagen, slik at mor kan kome seg på norskkurs og ikkje blir treng å vere barnevakt heime. Barna lærer norsk i barnehagen, det er bra når dei skal begynne på skulen, og mor får starten på integrering på norskkurset. Om vi tek bort bussen, er avstanden til barnehagen for lang å gå, så då blir barna heime, det er jo ikkje obligatorisk. Då blir også mor ekskludert frå introduksjonsprogrammet og familien får dårlegare økonomi og må få sosialhjelp for å klare utgiftene. Eg trur kostnadene på andre budsjett fort ville overstige kostnadene med bussen om vi ikkje hadde den.

Fleirtalet i kommunestyret ville ikkje fylgje Margit Dale sitt forslag, så det fall med dei vanlege seks mot ni stemmene.

Eg hadde to periodar i kommunestyret i Valle, men no er det så lenge sidan at det ikkje er mange att av dei som var politikarar den gongen. Så det var litt interessant å vere der att og høyre debattane.

Valle kommune vil trenge busstransport for flyktningane i mange år framover. Foto: Harald Haugland
Valle kommune vil trenge busstransport for flyktningane i mange år framover. Foto: Harald Haugland