Dyktige folk

Share
Eivind Tanche-Larsen Knutsen med premie frå Landskappleiken. Foto: Harald Knutsen
Eivind Tanche-Larsen Knutsen med premie frå Landskappleiken. Foto: Harald Knutsen

Sist veke var det landskappleik og ei rekke utøvarar frå heile landet stilte opp. Å konkurrere om kven som er best innan musikk og sang kan ikkje vere ganske lett. Å konkurrere innan idrett der ein måler sekund eller meter, det er etter mi forståing noko enklare enn å setje målbare kriterier for sang, musikk og dans. Men innan folkemusikk får dei det til.

Etter det eg har fått med meg frå kappleiken på Facebook fekk  Eivind Tanche-Larsen Knutsen 1. plass i i munnharpe junior på Landkappleiken og Furestipend på kr 10 000. Raabygg med Sigrid Kjetilsdotter Jore vann open klasse. Fredag ga ho ut solo-albumet Brurehesten. I sommar skal både Sigrid og Eivind vere med i Kulturpatrulja i Setesdal. Dyktige folk skal bruke juli til å gje kultur til fastbuande og turistar som kjem gjennom Setesdal. Gratulerer med prisane til dei to vinnarane frå landskappleiken.