Lunds etterkommere

Share

Lund-slekta

Når eg skriv på Setesdalswiki, prøver eg i alle fall i nokre samanhengar å finne linjer som kan syne slektskap. Det er ikkje alltid like lett å få til, men eg har prøvd å lage kategoriar som kan gje slik informasjon.

Ein av desse kategoriane er Lunds etterkommere. På mange av artiklane i leksikonet kan du sjå denne kategorien. Den indikerer at personen er etterkommer etter Ole Lund og kona Heloise Lund som kom til Valle frå Sunnmøre i 1872. Dei fekk ni barn og mange av barna etablerte og store familiar, så etter kvart er det blitt mange etterkomarar.

I 1973 gav Sverre Lund ut eit hefte som Tarald Nomeland hadde skrive. Den gamle læraren hadde nok hatt ganske mange av Lunds etterkomarar på skulen. Han kjende slektene i Valle og laga eit hefte der han fylgjer etterkomarane til 6. ættleden. Han har fått med barn som er fødde i 1972. No er det snart gått 50 år sidan boka kom ut, og mykje av informasjonen i boka treng oppdatering. Mange av dei som levde i 1972 er gått bort, andre er kome til i rekka av Lunds etterkomarar.

I fjor sommar fann eg fram denne boka, Tarald Nomeland: Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 og skreiv nokre artiklar om barna til Ole og Heloise som er omtalte der. Du finn dei på Ole Lund. Der kunne eg få på plass informasjon om både fødsel og død, då boka vart laga var det bare ein som ikkje var død.

Boka til Tarald Nomeland har med fødselsdato på svært mange av dei folka som er omtalte. Men eg hadde laga ein artikkel om ein av dei, Olaf Lund, som var lensmann i Valle frå 1939 til 1965. Der hadde eg ikkje dødsdato. Ettersom han var fødd 23. juni, dukka han opp på framsida av Setesdalswiki i lista over fødselsdagar i år. Då var han 121 år. Difor spurde eg husverten min, Jorunn Lund Tveit, om ho visste kva tid han døydde.

Under salongbordet hadde ho ei bok der ho hadde skrive ned dødsdato for folk ho kjende heilt tilbake til 1986. Ho leita ikkje lenge før ho fann onkel Oa, som ho kalla han, og då kunne eg oppdatere artikkelen om han med rett dødsdato.

-Vil du låne boka og oppdatere artiklar? spurde Jorunn.

Så fekk eg låne boka og hadde dermed ei god kjelde til å oppdatere artiklar eg alt hadde skrive og til å finne fakta om artiklar eg kunne skrive. I dag har eg skrive fem artiklar om Lunds etterkommere, og fleire vil det nok bli utover sommaren.